Kjetil A. Flatin (1881–1916)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Kjetil Aslaksson Flatin (1881-1916) var folkeminnesamlar og lærar frå Seljord. Han gjekk to vintrar på Telemark folkehøgskule. Han vikarierte i nokre år i ymse lærarpostar og vart fast tilsett som lærar i heimbygda i.[1] Han var medlem av sogenemnda Seljord frå 1913 til han døydde i 1916.[2]

Han tok tidleg til å samle inn og skrive ned folkeminne. Fyrst vart segnene han samla inn, prenta som utklippsbøker i aviser. Seinare vart dei utgjevne som bøker.[3] Han gav ut Gamle hermennar fraa Telemork, og etter at han var død, kom slektssoga Rokkerova.[3] Knut Liestøl skreiv om Kjetil A. Flatin at han «syner i bøkene sine baade vitskapleg sans og kunstnarhått» og vidare at han «var ein god forteljar og hev ein lett og livfull stil."[1]

Han var bror til folkeminnesamlaren og lokalhistorikaren Tov Flatin.[3]

Referansar

  1. 1,0 1,1 Norsk biografisk leksikon, bd. 4-1929, s. 158
  2. Tov Flatin; Seljord, bd. 1
  3. 3,0 3,1 3,2 https://snl.no/Kjetil_Aslaksson_Flatin