Kjetil A. Flatin (1881–1916)
Kjetil Aslaksson Flatin (1881-1916) var folkeminnesamlar og lærar frå Seljord. Han gjekk to vintrar på Telemark folkehøgskule. Han vikarierte i nokre år i ymse lærarpostar og vart fast tilsett som lærar i heimbygda i 1915.[1] Han var medlem av sogenemnda i Seljord frå 1913 til han døydde i 1916.[2]
Han tok tidleg til å samle inn og skrive ned folkeminne. Fyrst vart segnene han samla inn, prenta som utklippsbøker i aviser. Seinare vart dei utgjevne som bøker.[3] Han gav ut Gamle hermennar fraa Telemork, og etter at han var død, kom slektssoga Rokkerova og Ættir fraa Selgjord.[3][1] Knut Liestøl skreiv om Kjetil A. Flatin at han «syner i bøkene sine baade vitskapleg sans og kunstnarhått» og vidare at han «var ein god forteljar og hev ein lett og livfull stil».[1]
Kjetil A. Flatin vart gift med Dordi Hallvardsdotter Aadalen i 1909.[1] Han var bror til folkeminnesamlaren og lokalhistorikaren Tov Flatin.[3]