Klara Marie Anfinsen (1913–1944)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 16. nov. 2023 kl. 13:47 av Olve Utne (samtale | bidrag) (Teksterstatting – «[[kategori:» til «[[Kategori:»)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Klara Marie Anfinsen, frå Våre falne.

Klara Marie Anfinsen (fødd 5. november 1913Stord, død 20. april 1944 i Bergen) var husmor i Bergen, og eitt av ofra for eksplosjonen på Vågen.

Ho var dotter av Vilhelm Fredrik Ferdinand Thønning (f. 1854) og Helene Hansdatter (f. 1870), som budde i LeirvikStord.

Ho vart gift i 1936 i Bergen med motorbåtførar Robert Wilhelm Anfinsen (f. 1908). Dei fekk året etter ein son, Helge. I 1944 budde dei i Slottsgaten 7.

Den 20. april 1944 eksploderte eit farty lasta med sprengstoff på Vågen i Bergen. Klara Marie Anfinsen og sonen Helge var blant dei minst 154 som omkom i ulykka.

Litteratur og kjelder