Knut Åsen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 10. nov. 2010 kl. 11:29 av Oddloho (samtale | bidrag) (Ny side: '''Knut Åsen''' (fødd kring 1565, død kring 1650) var truleg frå Gaupne i Luster i Sogn og Fjordane. Han vart gardbrukar og leiglending på Åsen f…)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Knut Åsen (fødd kring 1565, død kring 1650) var truleg frå Gaupne i Luster i Sogn og Fjordane.

Han vart gardbrukar og leiglending på Åsen før 1600 og dreiv garden fram til kring 1628.

Knut var lensmann i Jostedalen frå kring 1611-14 og visstnok i fleire år framover.

Han var i si tid einaste jordeigaren i Jostedalen, men alle gardpartane var utanfor Jostedalen - La og Elvetun i Hafslo, og Råum og Sandviki i Luster.

Han må ha vore gift, men kona hans er ukjend. To born etter han er kjende:

  • Anders Knutson (1596-1653), gardbrukar i Åsen og svigerfar til Ole Arneson Åsen
  • Kari Knutsdotter, gardbrukarkone på Sperla.
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 210. (digital utgåve, NBdigital)