Knut Kirkhorn

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 13. mar. 2013 kl. 08:00 av Oddloho (samtale | bidrag) (Ny side: Knut Kirkhorn. Illustrasjon frå ''Verdens Gang'', 1885|thumb '''Knut Rasmusson Kirkhorn''' (fødd 31. mai 1830 i Hornindal, død 3. mars 1885...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Knut Kirkhorn. Illustrasjon frå Verdens Gang, 1885

Knut Rasmusson Kirkhorn (fødd 31. mai 1830 i Hornindal, død 3. mars 1885 på Tynset) frå Hornindal i Sogn og Fjordane var lærar, gardbrukar og politikar for Venstre. Han møtte på Stortinget 1875, 1877 og 1880–85 og var fyrste ordføraren i Hornindal.

Faren var gardbrukar, og Kirkhorn vart sjølv seminarist frå Stord i 1850. Deretter var han huslærar hos soknepresten Nils Nilssen DahlEid i Nordfjord, Walter Scott Dahl var då ein av elevane hans. Han var lærar og kyrkjesongar i heimbygda Hornindal frå 1852. I 1859 tok han over farsgarden og var gardbrukar livet ut. Då Hornindal i 1867 vart utskilt som eige herad frå Eid, vart Kirkhorn vald til ordførar.

Kirkhorn vart vald som 4. vararepresentant for Nordre Bergenhus i 1870 og som 2. vararepresentant i 1873, og han møtte fyrste gongen på Stortinget frå 20. februar 1875 og ut sesjonen. Som 1. vararepresentant etter valet i 1876 møtte han på 1877-sesjonen. På dei to neste vala kom han inn på fast plass, så han møtte på Stortinget 1880-1885. Han var i desse åra (og i 1877) medlem av kyrkjekomiteen, og i 1885 var han ein av dei 41 framleggsstillarane bak jamstellingsvedtaket mellom landsmålet og bokspråket. Han var 1880-85 også medlem av Lagtinget, og var såleis 1883-84 medlem av riksretten.

Den 2. mars 1885 vart han permittert på grunn av sjukdom, og dagen etter døydde han på Tynset på veg heim med toget.

Kjelde

Bakgrunnsstoff