Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Denne koksa vart bygd 1968 eller kanskje 1969 av Jakob K. Halsnes frå Stranda under Hals ved Sålåsundet i Aure kommune på Nordmøre. Jakob bygde mange kokser. Koksene hans er særprega ved at dei har relativt djup kjøl, og botnen har godt oppsving både mot framstamn og akterspegel.