Kolbrennarlokalitet knytt til Lesja jernverk: Forskjell mellom sideversjoner
Hopp til navigering
Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring |
Ingen redigeringsforklaring |
||
Linje 1: | Linje 1: | ||
{{thumb|Kolbrennakoie.JPG|Restaurert kolbrennarkoie.|Arnfinn Kjelland}} | {{thumb|Kolbrennakoie.JPG|Restaurert kolbrennarkoie.|[[Bruker:Arnfinn Kjelland|Arnfinn Kjelland]]}} | ||
I 1999 vart det tilfeldigveis funne ein [[Kolbrennarlokalitet knytt til Lesja jernverk|kolbrennarlokalitet]] som må ha vore knytt til [[Lesja jernverk]] nedafor [[Sandan]], sørlegaste garden i [[Søre Verket]] i [[Lesja]]. Trekol var viktigaste energikjelda for drifta av jernverket, som var i drift til kring 1800. Aktiviteten her må altså ha vore frå 1700-talet. | I 1999 vart det tilfeldigveis funne ein [[Kolbrennarlokalitet knytt til Lesja jernverk|kolbrennarlokalitet]] som må ha vore knytt til [[Lesja jernverk]] nedafor [[Sandan]], sørlegaste garden i [[Søre Verket]] i [[Lesja]]. Trekol var viktigaste energikjelda for drifta av jernverket, som var i drift til kring 1800. Aktiviteten her må altså ha vore frå 1700-talet. | ||
Sideversjonen fra 8. des. 2016 kl. 10:06
I 1999 vart det tilfeldigveis funne ein kolbrennarlokalitet som må ha vore knytt til Lesja jernverk nedafor Sandan, sørlegaste garden i Søre Verket i Lesja. Trekol var viktigaste energikjelda for drifta av jernverket, som var i drift til kring 1800. Aktiviteten her må altså ha vore frå 1700-talet.
Lokaliteten består av ei koie og minst 8 tufter etter kolmiler. Lesja historielag restaurerte koia sommaren 2000, og er sikre på at den berre har vore nytta som kvilestad for kolbrennarar. Koia var 1,4 m brei og 2 m lang, bygd av jordvollar støtta opp med kavlar og med halvklovningar som taktro, med ein open eldstad i eine hjørnet.
Kjelder
- Plakater ved lokaliteten
- Einbu, Aud 2000: Restaurerer kolbrennarkoie ved Sandom. Årsskrift for Lesja historielag s. 32-34.
Koordinater: 62.1753° N 8.6008° Ø