Kolbrennarlokalitet knytt til Lesja jernverk

Sideversjon per 14. nov. 2016 kl. 13:51 av Arnfinn Kjelland (samtale | bidrag) (Ny side: {{thumb|Kolbrennakoie.JPG|Kolmile framafor koia.|Arnfinn Kjelland}} I 1999 vart det tilfeldigveis funne ein kolbrennarlokalitet som må h...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)

I 1999 vart det tilfeldigveis funne ein kolbrennarlokalitet som må ha vore knytt til Lesja jernverk nedafor Sandan, sørlegaste garden i Søre Verket i Lesja. Trekol var viktigaste energikjelda for drifta av jernverket, som var i drift til kring 1800. Aktiviteten her må altså ha vore frå 1700-talet.

Kolmile framafor koia.
Foto: Arnfinn Kjelland

Lokaliteten består av ei koie og minst 8 tufter etter kolmiler. Lesja historielag restaurerte koia sommaren 2000, og er sikre på at den berre har vore nytta som kvilestad for kolbrennarar. Koia var 1,4 m brei og 2 m lang, bygd av jordvollar støtta opp med kavlar og med halvklovningar som taktro, med ein open eldstad i eine hjørnet.

Kjelder

Koordinater: 62.1753° N 8.6008° Ø