Kommandersersjant: Forskjell mellom sideversjoner
Hopp til navigering
Hopp til søk
mIngen redigeringsforklaring |
({{nn}}) |
||
Linje 17: | Linje 17: | ||
[[Kategori:Etableringer i 1747]] | [[Kategori:Etableringer i 1747]] | ||
[[Kategori:Opphør i 1930]] | [[Kategori:Opphør i 1930]] | ||
{{nn}} |
Sideversjonen fra 31. jan. 2016 kl. 15:49
Kommandersersjant var høgste underoffisersgrad ved infanterikompania i Hæren fram til graden vart avskaffa ved etableringa av ny befalsordning i 1930. Graden vart innført i 1747 da den erstatta den eldre høgste underoffisersgraden Capitaine des armes.[1] som vart teke bort.
I ein del litteratur[2] er det påstått at kommandersersjantgraden berre galdt i dei verva («gevorbne») avdelingane fram til den vart innført for dei nasjonale så seint som i 1855. Men den er brukt for nasjonale avdelingar i alle fall frå kring 1790, i nokre tilfelle alt i 1770-åra og i enkelttilfelle alt i 1748.[3]
Referanser
- ↑ Christophersen s. 11.
- ↑ M.a. i Odlaug 1928 s. 161.
- ↑ Kjelland, Arnfinn: Eige arbeid med militære ruller frå 1. Oplandske nasjonale infanteriregiment frå 1662 til ca 1813. I grenaderrulla for Ringebuiske kompani 1775 er det t.d. opplyst at furer Ole Jensen Holl hadde avansert til «Commander Sergiant» ved regimentet sitt livkompani. I hovudlegdsrulla for Gausdalske kompani for 1748 står Niels Randulf som Commander Sergiant. Han var 23 år og hadde vore i teneste i 6 år, alle ved det nasjonale regimentet.
Kjelder og litteratur
- Christophersen, Bjørn 1978: Forsvarets gamle underoffisersstand. Dens innsats på sivile felter. Forsvarets krigshistoriske avdeling og Gyldendal forlag. Oslo.
- Odlaug, Gustav 1928: «Underofficerene», i Norsk militært tidsskrift s. 153-184.