Kommandersersjant

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 9. des. 2011 kl. 13:58 av Arnfinn Kjelland (samtale | bidrag) (Ny side: '''Kommandersersjant''' var høgste underoffisersgrad ved infanterikompania i Hæren fram til graden vart avskaffa ved etableringa av ny befalsordning i 1930. Grade...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Kommandersersjant var høgste underoffisersgrad ved infanterikompania i Hæren fram til graden vart avskaffa ved etableringa av ny befalsordning i 1930. Graden vart innført i 1747 da den erstatta den eldre høgste underoffisersgraden Capitaine des armes.[1] som vart teke bort.

I ein del litteratur[2] er det påstått at kommandersersjantgraden berre galdt i dei verva («gevorbne») avdelingane fram til den vart innført for dei nasjonale så seint som i 1855. Men den er brukt for nasjonale avdelingar i alle fall frå kring 1790, i nokre tilfelle alt i 1770-åra.[3]

Referanser

  1. Christophersen s. 11.
  2. M.a. i Odlaug 1928 s. 161.
  3. Eige arbeid med militære ruller frå 1. Oplandske nasjonale infanteriregiment frå 1662 til ca 1813. I grenaderrulla for Ringebuiske kompani 1775 er det t.d. opplyst at furer Ole Jensen Holl hadde avansert til Commander Sergiant ved regimentet sitt livkompani.

Kjelder og litteratur

  • Christophersen, Bjørn 1978: Forsvarets gamle underoffisersstand. Dens innsats på sivile felter. Forsvarets krigshistoriske avdeling og Gyldendal forlag. Oslo.
  • Odlaug, Gustav 1928: «Underofficerene», i Norsk militært tidsskrift s. 153-184.