Krigsminnesmerket i Hornnes

Krigsminnesmerket i Hornnes stend rett utafor Hornnes kyrkjegard, og er reist til minne om tre horndøler som gav sine liv under andre verdskrigen.

Krigsminnesmerket ved Hornnes kyrkje.
Foto: Siri Johannessen (2013).

Minnesmerket er ei støtte i granitt. Øvst står innskrifta «Desse horndøler miste livet sitt i fridomskampen 1940–1945». Deretter følgjer namna til dei tre med fødsels- og dødsdato, og dødsstaden.

Minnesmerket vart avduka den 17. mai 1947, med om lag tusen menneske til stades. Ordføar Olav A. Tveit las ein prolog, medan løytnant Abusland heldt avdukingstala. To æresvaktar frå Evjemoen leir stod vakt, og oberstløytnant Ullern la ned ein krans.

Litteratur og kjelder