Kristiania norske Theater

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 26. feb. 2011 kl. 06:13 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Under arbeid. Sikkerhetslagring)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Kristiania norske Theater var namn på to ulike institusjonar. Det fyrste var i verksemd i perioden 1852-1862, det andre 1870-1872. Dei to teaterverksemdene heldt til i dei same lokala i Møllergata, og det var også på anna vis nær historisk samanheng mellom det fyrste og det andre norske teateret i hovudstaden.


Kristiania norske Theater 1852-1862

Dette byrja som Den norske dramatiske Skoles Theater. Det skifta namn til Kristiania Norske Theater i 1854, og i perioden 1857-1862 var namnet Det norske Theater. Eit hovudmotiv bak føretaket var å fornorske scenespråket. Slik sett var det oppretta i motstrid til det allereie eksisterande Christiania Theater, der språket var dansk og dei fleste skodespelarane danske. Bruken av «K» i namnet på hovudstaden medan den offisielle skrivemåten framleis var Christiania, var ganske sikkert uttrykk for eit språkpolitisk standpunkt.

Kristiania Norske Theater er truleg mest kjent av di Henrik Ibsen var kunstnarisk leiar der frå 1857-1862. Ibsens eige Hærmændene paa Hælgeland, Bjørnsons Kong Sverre og Ivar Aasens Ervingen vart urframførde her.


Ein norsk teaterskule

Verksemda starta sommaren 1852 som eit tiltak for å gje opplæring til norske skodespelarar. Bakgrunnen for at dette skjedde nett da, var nokre forestillingar som medlemmer av Christiania Arbeiderforening hadde oppført den føregåande vinteren til inntekt for fengsla arbeidarleiarar etter Thrane-oppreisten. Framsyningane hadde foregått ved forlystelsessenteret Klingenberg. Tilstrøyminga hadde vore ganske stor frå det breie lag av folket, og det gav utsikter til at det kunne vere publikumsgrunnlag for eit nytt permanent teater i byen.[1]

Den fyrste tanken om tiltaket blir tilskriven trønderen Ragnvald Raum Klingenberg. Broren hans, premierløytnant Johannes Bendictus Klingenberg skal så ha sett planen om ein norsk dramatisk skole ut i livet.[2] Han skal ha blitt styrka i sitt forsett ved eit besøk ved Den nationale Scene i Bergen, der han vart vonbroten over det unorske i repertoar og stil som han der såg.

Undervisninga hadde starta med 11 elevar, dei fleste med handverkarbakgrunn. Skulen vart driven av J. B. Klingenberg saman med slottsgartnar Mortensen og skodespelar Cronborg, sistnemnde som fagleg instruktør. Knud Knudsen, overlærar ved Christiania Katedralskole og hovudmannen bak fornorskingslinja i språkpolitikken, instruerte elevane i språkføring. Knudsen kom også med i styret. Skulen hadde også eigen song- og musikklærar, italienskfødde Paolo Sperati.


Støttespelarar og nasjonalt program

I Norsk allkunnebok (artikkelforfattar Olav Dalgard) er det berre Knudsen av dei ovanståande som blir nemnde i samband med stiftinga av teateret. Derimot omtalar Dalgard to andre, nemleg Nikolai Ramm Østgaard og Marcus Jacob Monrad. Kva rolle dei to har spela i oppstarten, framgår ikkje klårt, men at dei var støttespelarar i åra frametter, er godt dokumentert

Nicolai Ramm Østgaard sat i leiinga for teateret frå 1853 til han flytta frå hovudstaden i 1859. Han hadde nyleg gjort suksess med boka En Fjeldbygd, der han hadde nytta både bygdemål og fornorska vendingar i det normerte skriftspråket. M.J.Monrad var i 1851 blitt professor i filosofi, og var kjend som litteraturkritikar. Han var mellom anna med og vurderte repertoaret ved teateret. Til opninga av sesongen skreiv Monrad ein prolog som uttrykte teaterets nasjonale program, mellom anna slik:

Et norskt Theater er en gyldig Tanke Saasandt der er et Folk, der kaldes norskt. […] En Scene hvor sig Folkets Liv kan speile, Og Sproget lyde i sin rette Malm”

(sitert frå Lund, A 1925 side 15.)

Av andre namn i krinsen rundt teateret kan nemnast pressemann og diktar Aa. O.Vinje, filologen, seinare professor C.R.Unger, litteraturhistorikar, pressemannen og skolemannen Hartvig Lassen og oberst Theodor Broch.

Skodespelarane Dei fyrste som stod på scenen i det nye teateret i 1852 var altså lærlingar ved den dramatiske skolen. Minst to av dei, Olsen og (den seinare fotograf) Nyblin var med frå starten og nesten heile perioden teateret var i verksemd. Av skodespelarnamn blir elles framheva Ole Bucher som ei drivande kraft, og dessutan Benedikte Hundevadt og ”den nydelige unge mad[am] Døvle (tidligere j[om]fr[u]. Amalie Jacobsen)” . Ho vart gift med Døvle, som var den einaste akademikaren blant spelekreftene. Andre namn er herrane Abelsted, Norberg, Olafsen, Strømsø, Wilse. Av kvinmnelege sklodespelarar er utanom dei allereie nemnde: jomfru Berg, jomfru Gloppen, jomfru Ehn og jomfru Wulf.

Økonomi og drift Teateret var organisert som aksjeselskap. Aksjeteikninga foregjekk også ut over landet, ikkje berre i hovudstaden. Det vart framstilt som ei nasjonal sak å støtte opp. I 1859 vart det innbode til subskripsjon for å finansiere kjøp av teaterbygningen som til da hadde vore leigd.

Dei fyrste åra hadde publiumsopplsutninga voreetter måten stor, og økonomien tåleleg bra. Men vanskane tårne seg opp etter kvart. Situasjonen vart ikkje betre av intern strid ved teateret, ikkje minst rivalisering mellom skodespelarane, gjorde det vanskeleg å få folk til å sitje styret. Våren 1857 var styret innstilt på å stogge drifta. Ein redningskomite lykkast likevel i å halde oppe teateret, og det vart freista ein ny giv med understreking av at ”indretningen skulde virke som en selvstændig national skueplads” (sitert hjå Lund, A. 1925 side 4-5). Cronborg vart gjeven avskil, og Henrik Ibsen tilsett som ”artistisk direktør”.

Det gjekk til 1863, da gjekk teateret konkurs og vart nedlagt. Mange av skodespelarane der gjekk da over til Christiania Theater.

Kristiania norske Theater 1870-1872 Det nye Kristiania Norske Theater gjekk berre i to eller tre sesongar 1870-1872. Det vart også kalla Møllergadens Theater. Også på anna vis enn når det gjeld det felles lokalet kan det karakteriserast som ei tilbakevending til det norske teateret frå 1850-åra..

Skipinga av teateret hadde bakgrunn i striden omkring det norske kontra det danske ved Christiania Theater. Etter at dei norskdomsorienterte Bjørnstjerne Bjørnsson og Olaf Skavlan hadde vore sjefar der 1863-1869, vart det tilsett ein ny dansk sjef, Michael Brun. Det førde til at ein flokk av teaterets folk braut ut og starta opp att i i det gamle teaterhuset i Møllergata. Det galdt mellom andre Laura og Sigvard Gundersen, Sofie Parelius, Hjalmar Hammer og Jens Selmer. Bjørnstjerne Bjørnson vart tilsett som fast instruktør/teatersjef.

Da Michael Brun måtte slutte ved Chjristiania Theater i 1872, vende skodespelarane i Møllergata attende til sitt gamle teater. Det gjekk lettare også fordi Hartvig Lassen, støttespelaren for det fyrste Kristiania norske Theater, nå vart tilsett som ”æsthetisk konsulent og censor” ved Christiania Theater.

Kjelder og litteratur:

  • Anker, Øyvind: Artikkel om N.R.Østgaard i Norsk biografisk leksikon (1933)
  • Dahl, Willy: Norges litteratur I: Tid og tekst 1814-1884. Oslo 1981.
  • Lund, Audhild: Henrik Ibsen og det norske teater 1857-1863. Oslo 1925.
  • Norsk allkunnebok (1956), oppslag Kristiania Norske Theater. (Olav Dalgard.)
  • Wikipedia, artikkel om Kristiania norske Theater

Referansar

  1. Lund, A. 1925 side 3-4. Dahl, W. 1981 side 158.
  2. Lund, A. 1925 side 3