Denne sida handlar om øya og matrikkelgarden Kuli i Smøla kommune. Sjå òg: Kuli (andre tydingar).

Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Kuli (utt. /"kʉ:ɽi:/) eller Kuliøya (utt. /"kʉ:ɽi:ˌʌya/ (Mal:NA), /"kʉ:ɽi:ˌʌ:’n/ (Mal:D)), ofte skrive Kuløy av den danske namneforma Kulø(e), er ei øy og ein matrikkelgard nordvest for Edøya i Smøla kommuneNordmøre. Øya er lang (i overkant av 4 km) og smal (noko over 1 km) og grensar til Kulisvaet og Edøya i søraust og til fleire holmar og til Rosvolløya i nord og nordvest. Nærme nordaustenden av øya ligg ein kjennspak, rundvoren haug som heiter Kulihaugan i vår tid. Denne haugen, som etter Olaf Rygh kan heitt Kuli, samansett av norrønt kúla + hlíð, altså ‘kulelia’,[1] har, om Rygh si tolking stemmer, gjeve namn til garden og øya.

Utsikt frå Edøya over Kulisvaet mot Kuli. Vi ser Kulisvabrua og Kulihaugan midt på bildet; hovudhaugen av dei sistnemnte haugane kan etter Rygh sin hypotese ha gjeve namn til øya, men ber i dag eit avleidd namn. Den lågare haugen til høgre er Tittinghaugen.
Foto: Olve Utne
Satellittbilde av den sørvestlege inngangen til Trondheimsleia. Vi ser Kuli litt til venstre for midten.
Foto: NASA

Øya er særleg kjent for Kulisteinen, ein runestein som vart reist i 1030-åra ved ei kavlbru som er dendrokronologisk datert til 1034. Runeinnskrifta, som har to noko ulike tolkingar, refererer truleg til Mostratinget i 1024.

Sjå òg

Fotnotar

  1. Rygh, Olaf: Norske Gaardnavne, b. 13, s. 462