Lars Eldevik: Forskjell mellom sideversjoner
(→Nes: lenkje til historielaget) |
|||
Linje 12: | Linje 12: | ||
Rundt 1900 flytta han og familien til Austlandet, der han vart tilsett som lærar ved [[Dæhli skole]] på Nes. På Dæhli var det òg ganske mykje lærarjord, som Eldevik-familien fekk tilleggsutkomme frå. I [[Folketellinga 1910|folketeljinga for 1910]] er sonen Leiv titulert som agronom, som «arbeider ved gaardsbruket». | Rundt 1900 flytta han og familien til Austlandet, der han vart tilsett som lærar ved [[Dæhli skole]] på Nes. På Dæhli var det òg ganske mykje lærarjord, som Eldevik-familien fekk tilleggsutkomme frå. I [[Folketellinga 1910|folketeljinga for 1910]] er sonen Leiv titulert som agronom, som «arbeider ved gaardsbruket». | ||
Som pensjonist vart Lars Eldevik den fyrste formannen i [[Nes historielag]], som vart stifta 15. februar 1930. Eldevik og historielaget arbeidde særleg med ''Nes bygdebok'', band I, som kom ut som to bøker i 1943 og 1944. Det var meininga at Eldevik sjølv skulle vere hovudforfattar av band II, gards- og slektshistoria, men i 1944 overlet han manuskriptet til styret, utan at boka var fullført. Eldevik var då 84 år gammal. | Som pensjonist vart Lars Eldevik den fyrste formannen i [[Nes historielag (Hedmark)|Nes historielag]], som vart stifta 15. februar 1930. Eldevik og historielaget arbeidde særleg med ''Nes bygdebok'', band I, som kom ut som to bøker i 1943 og 1944. Det var meininga at Eldevik sjølv skulle vere hovudforfattar av band II, gards- og slektshistoria, men i 1944 overlet han manuskriptet til styret, utan at boka var fullført. Eldevik var då 84 år gammal. | ||
Han døydde i 1952, og vart gravlagd på [[Stavsjø kirke|Stavsjø kirkegard]]. | Han døydde i 1952, og vart gravlagd på [[Stavsjø kirke|Stavsjø kirkegard]]. |
Sideversjonen fra 9. okt. 2014 kl. 08:56
Lars J. Eldevik (fødd 17. juni 1860 i Davik i Nordfjord, død 4. desember 1952) var lærar og lokalpolitikar, engasjert i mellom anna ungdomslagsarbeid og lokalhistorie. Han verka lengst i Davik, der han var ordførar i to år, og på Nes på Hedmarken.
Bakgrunn og familie
Han vaks opp på garden Eldevik i Davik, i nåværende Vågsøy kommune. Foreldra var bonde Jørgen Larssen og Marthe Aleksandersdatter. Lars Eldevik var gift med lærarinna Sigrid Samsonsdatter Midnes (1857-1928) frå Ullensvang. Kona var dotter av Samson Larsen og Synneva Larsdatter. Lars og Sigrid Eldevik fekk sønene Sigmund (1888-?) og Leif (1890-1959).
Davik
Eldevik tok eksamen ved Tromsø lærerskole i 1879, og arbeidde deretter to år som lærar i Måsøy kommune. Frå kring 1881 til 1900 var han tilsett i skulen i heimbygda Davik, og der sat han mellom anna 13 år i formannskapet. I to år var Lars Eldevik ordførar i Davik.
Nes
Rundt 1900 flytta han og familien til Austlandet, der han vart tilsett som lærar ved Dæhli skole på Nes. På Dæhli var det òg ganske mykje lærarjord, som Eldevik-familien fekk tilleggsutkomme frå. I folketeljinga for 1910 er sonen Leiv titulert som agronom, som «arbeider ved gaardsbruket».
Som pensjonist vart Lars Eldevik den fyrste formannen i Nes historielag, som vart stifta 15. februar 1930. Eldevik og historielaget arbeidde særleg med Nes bygdebok, band I, som kom ut som to bøker i 1943 og 1944. Det var meininga at Eldevik sjølv skulle vere hovudforfattar av band II, gards- og slektshistoria, men i 1944 overlet han manuskriptet til styret, utan at boka var fullført. Eldevik var då 84 år gammal.
Han døydde i 1952, og vart gravlagd på Stavsjø kirkegard.
Kjelder og litteratur
Espeland, Arne: Norske skolefolk (første utgave), Dreyer forlag, Stavanger 1934. Digital versjon på Nettbiblioteket