Lars Eldevik: Forskjell mellom sideversjoner
(opnar for redigering) |
Ingen redigeringsforklaring |
||
Linje 1: | Linje 1: | ||
{{thumb|Lars Eldevik 80 år.jpg|Eldevik sin 80-årsdag. Han sit til venstre, medan vi ser sønene Sigmund og Leif til høgre.|[[Hedmarksmuseet]]}} | {{thumb|Lars Eldevik 80 år.jpg|Eldevik sin 80-årsdag. Han sit til venstre, medan vi ser sønene Sigmund og Leif til høgre.|[[Hedmarksmuseet]]}} | ||
'''[[Lars Eldevik]]''' (fødd 17. juni 1860 i [[Davik kommune|Davik]] i [[Nordfjord]], død 4. desember 1952) var lærar og lokalpolitikar, engasjert i mellom anna ungdomslagsarbeid og lokalhistorie. Han verka lengst i | '''[[Lars Eldevik]]''' (fødd 17. juni 1860 i [[Davik kommune|Davik]] i [[Nordfjord]], død 4. desember 1952) var lærar og lokalpolitikar, engasjert i mellom anna ungdomslagsarbeid og lokalhistorie. Han verka lengst i Davik, der han var ordførar i to år, og på [[Nes på Hedmarken]]. | ||
== Bakgrunn og familie == | == Bakgrunn og familie == |
Sideversjonen fra 9. okt. 2014 kl. 09:00
Lars Eldevik (fødd 17. juni 1860 i Davik i Nordfjord, død 4. desember 1952) var lærar og lokalpolitikar, engasjert i mellom anna ungdomslagsarbeid og lokalhistorie. Han verka lengst i Davik, der han var ordførar i to år, og på Nes på Hedmarken.
Bakgrunn og familie
Han vaks opp på garden Eldevik i Davik, i nåværende Vågsøy kommune. Foreldra var bonde Jørgen Larssen og Marthe Aleksandersdatter. Lars Eldevik var gift med lærarinna Sigrid Samsonsdatter Midnes (1857-1928) frå Ullensvang. Kona var dotter av Samson Larsen og Synneva Larsdatter. Lars og Sigrid Eldevik fekk sønene Sigmund (1888-?) og Leif (1890-1959).
Davik
Eldevik tok eksamen ved Tromsø lærerskole i 1879, og arbeidde deretter to år som lærar i Måsøy kommune. Frå kring 1881 til 1900 var han tilsett i skulen i heimbygda Davik, og der sat han mellom anna 13 år i formannskapet. I to år var Lars Eldevik ordførar i Davik.
Nes
Rundt 1900 flytta han og familien til Austlandet, der han vart tilsett som lærar ved Dæhli skole på Nes. På Dæhli var det òg ganske mykje lærarjord, som Eldevik-familien fekk tilleggsutkomme frå. I folketeljinga for 1910 er sonen Leiv titulert som agronom, som «arbeider ved gaardsbruket». Lars Eldevik var dessutan skulestyreformann på Nes i ni år.
Som pensjonist vart Lars Eldevik den fyrste formannen i Nes historielag, som vart stifta 15. februar 1930. Eldevik og historielaget arbeidde særleg med Nes bygdebok, band I, som kom ut som to bøker i 1943 og 1944. Det var meininga at Eldevik sjølv skulle vere hovudforfattar av band II, gards- og slektshistoria, men i 1944 overlet han manuskriptet til styret, utan at boka var fullført. Eldevik var då 84 år gammal.
Han døydde i 1952, og vart gravlagd på Stavsjø kirkegard.
Kjelder og litteratur
Espeland, Arne: Norske skolefolk (første utgave), Dreyer forlag, Stavanger 1934. Digital versjon på Nettbiblioteket