Lars K. Ødegaard: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(endret til preus2-mal)
m (Robot: Endrer mal: Bokhylla)
 
Linje 7: Linje 7:
Lars gifta seg med Kari Dokken frå Nes, og paret fekk fire born, mellom anna [[Solveig Hildur Ødegaard|Hildur]] som vart telegrafbestyrar i Nes og som også gjekk i fotolære. Familien budde fyrst på garden Dokken, deretter på Skåterudmoen, før dei i 1926-27 flytta til [[Bjerringgården]] i sentrum av Nesbyen. Her fekk Lars innreidd fotoatelier og -forretning.  
Lars gifta seg med Kari Dokken frå Nes, og paret fekk fire born, mellom anna [[Solveig Hildur Ødegaard|Hildur]] som vart telegrafbestyrar i Nes og som også gjekk i fotolære. Familien budde fyrst på garden Dokken, deretter på Skåterudmoen, før dei i 1926-27 flytta til [[Bjerringgården]] i sentrum av Nesbyen. Her fekk Lars innreidd fotoatelier og -forretning.  


Ødegaard ga i 1925 ut boka ''Hallingdal i tekst og billeder'' på eige forlag. ({{bokhylla|NBN:no-nb_digibok_2012101206008}}).  
Ødegaard ga i 1925 ut boka ''Hallingdal i tekst og billeder'' på eige forlag. ({{Nb.no|NBN:no-nb_digibok_2012101206008}}).  


== Sjå også ==
== Sjå også ==
Linje 24: Linje 24:
*{{folketelling|pf01037064002000|Lars Ødegaard|1900|Elverum}}.
*{{folketelling|pf01037064002000|Lars Ødegaard|1900|Elverum}}.
*{{folketelling|pf01036465001927|Lars Kristiansen Ødegaard|1910|Nes herred}}.
*{{folketelling|pf01036465001927|Lars Kristiansen Ødegaard|1910|Nes herred}}.
*[[Reinton, Lars]] og [[Sigurd Reinton|Sigurd]]: ''Folk og fortid i Hol''. I kommisjon hos Grøndahl, 1938-1982. Bind 6 og 2 ({{bokhylla|NBN:no-nb_digibok_2008041600075}}).  
*[[Reinton, Lars]] og [[Sigurd Reinton|Sigurd]]: ''Folk og fortid i Hol''. I kommisjon hos Grøndahl, 1938-1982. Bind 6 og 2 ({{Nb.no|NBN:no-nb_digibok_2008041600075}}).  
*[http://www.hol.kommune.no/Tjenester/Kultur-og-fritid/Gamle-Hol/Fotografene/Lars-K-Odegaard/ Hol kommunes nettsider]. Besøkt 14/3-2013.
*[http://www.hol.kommune.no/Tjenester/Kultur-og-fritid/Gamle-Hol/Fotografene/Lars-K-Odegaard/ Hol kommunes nettsider]. Besøkt 14/3-2013.
*Vennlig hilsen - postkortets historie i Norge. Aventura, 1988. {{bokhylla|NBN:no-nb_digibok_2012091806030}}.
*Vennlig hilsen - postkortets historie i Norge. Aventura, 1988. {{Nb.no|NBN:no-nb_digibok_2012091806030}}.
*Hallingdal folkemuseum 1899-1999. {{bokhylla|NBN:no-nb_digibok_2010082508004}}.
*Hallingdal folkemuseum 1899-1999. {{Nb.no|NBN:no-nb_digibok_2010082508004}}.


==Eksterne lenkjer==
==Eksterne lenkjer==

Nåværende revisjon fra 7. mar. 2024 kl. 10:28

Stølsområde ved Ruken på Ustaoset, Hol kommune.
Foto: Lars K. Ødegaard/Hol bygdearkiv

Lars Kristianson Ødegaard (Øygarde) (fødd 17. november 1877, død 5. april 1933) var lærar og fotograf. Han vaks opp på nordre Øygarden i Lien, aust for Geilo, Hol, som femtemann i ein syskjenflokk på åtte. Foreldra, Kristian Tolleivson (1828-1912) frå nordre Sveinhaug og Barbro Eilivsdotter (1843-1919) frå Bryplassen (Dagali), var gardbrukarar.

Lærarutdanninga tok han ved Elverum friseminar, der han er oppført som elev i 1900. Før han var ferdigutdanna, virka Lars som lærar ved Skurdalen skule mellom 1897 og 1899. Etter lærarskulen flytta han i 1902 til Nes, der han fyrst arbeidde ved Dokken skule og seinare ved Skåterudmoen.

Han gjekk i fotolære hjå Theodor Larsen i Tønsberg og arbeidde ei tid hjå fotograf Ludvig Forbech (1865-1942) i Kristiania. I 1907 starta han med portrettfotografering ved sida av lærarjobben, og i skuleferiane sykla han rundt med fotoutstyret og tok bilete av landskap og folkeliv. Ein del av desse vart til prospektkort. I Vennlig hilsen - postkortets historie i Norge er han omtalt som ein "halvprofesjonell og nokså lokal fotograf", men det står også at "han fikk laget mellom 800 og 1000 gode kort i tiden fra 1909 ril 1932".[1] Det er flest bilete frå Hallingdal, men også frå mellom anna Finse, Ulvik, Numedal og Valdres. Nokre av glasplatene etter Lars gjekk tapt i brann på Skåterudmoen, men resten finst i Hol Bygdearkiv. Fotoutstyret er i Hallingdal Folkemuseum sitt eige.

Lars gifta seg med Kari Dokken frå Nes, og paret fekk fire born, mellom anna Hildur som vart telegrafbestyrar i Nes og som også gjekk i fotolære. Familien budde fyrst på garden Dokken, deretter på Skåterudmoen, før dei i 1926-27 flytta til Bjerringgården i sentrum av Nesbyen. Her fekk Lars innreidd fotoatelier og -forretning.

Ødegaard ga i 1925 ut boka Hallingdal i tekst og billeder på eige forlag. (Digital versjonNettbiblioteket).

Sjå også

Referansar

  1. Vennlig hilsen - postkortets historie i Norge, s. 40

Kjelder

Eksterne lenkjer