Lars Olson Slettemoen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Lars Olsson Slettemoen (fødd 17. juli 1885 på stølen Kulthaug, Ustaoset, Hol kommune, dødsår ukjent) var snikkar og bonde på Vestvoll i Moen i Hol.

Foreldra var Ola Mikkelson Slettemoen (1845-1906) og Anne Olsdotter Nedremyr (1846-1940). Dei var gardbrukarar på søre Slettemoen i Moen i Hol.

Lars hadde gått på Voss Folkehøgskule og hadde også snikkarutdanning. Han gifte seg i 1916 med Marie Foss (1880-1943) frå Øvre Eiker. Ho hadde lærarutdanning og verka som lærar frå 1905-1942. Lars og Marie hadde ingen born.

Vestvoll, opprinneleg heimstøl til søre og myljo Slettemoen, var svært attgrodd da Lars kjøpte han i 1913, så det vart mykje nyrydding. For dette arbeidet fekk han Ny jords diplom. Han bygde også fleire nye hus på garden. I 1940 bygde han silo og eksperimenterte heile livet med å finne alternativ til den tradisjonelle syra, for å få sunnare fôr og dermed betre mjølk og kjøt. Han engasjerte seg også i dyrevern og var i mange år formann i Hol dyrevern.

Lars kjøpte traktor allereie i 1947. Den overlet han seinare til maskinlaget. Han var elles ein pådrivar i veg- og brubygginga i Moen, og fekk gjennomført dette som samvirketiltak. Lars engasjerte seg også sterkt i arbeidet med å få bygd det første samfunnshuset i dalen, Bygdahall, og var formann i byggenemnda for dette.

I 1949 selde han garden til brorsonen, Ola Olsson Slettemoen, men vart buande i sitt eige hus på garden.

Kjelder og litteratur