Kulthaug støl (Ustaoset)
Kulthaug-stølane låg på Ustaoset i Hol kommune. Stølseigedomen ligg til Søre Slettemoen (gnr. 5/2) i Moen.
Koordinater: 60°29′38″ N 8°3′43″ Ø
Nede i bygda vart det på 1700-talet rydda plassar og nye bruk på stølseigedomane til Slettemogardane. Dei flytta difor stølsbruket sitt vestover. Søre Slettemoen fekk heimstøl nord for Foss i Lio og langstøl på Kulthaug på Ustaoset.
Eigedomstilhøve på 1700-talet
Ved gardssyn på Slåtta, Ustedalen, i 1746 var Kulthaug nemnd blant stølane som høyrde til garden. Det vart då registrert to buer på Kulthaug. Ola Hermoson søre Slettemoen eigde Slåtta frå 1767, men selde garden i 1783. Det ser ut til at han heldt att Kulthaug, som sidan har vore langstøl til søre Slettemoen.
Minne om stølsdrifta frå slutten av 1800-talet
Lars Olson Slettemoen vart født på Kulthaug i 1885. Foreldra var Ola Mikkelson Slettemoen (1845-1906) og Anne Olsdotter Nedremyr (1846-1940). På denne tida var det to stølar på Kulthaug. Den største bua låg på den øvre vollen og hadde tre rom: opphaldsrommet, mjølkebua og eit lite kammers. Det var i dette kammerset Lars vart fødd. I minna sine skriv han utførleg om korleis bua var innreidd. [1] I byrjinga var det ikkje fjøs på stølen, så kyrne sto i kve og vart mjølka inne i bua.
Lars fortel at dei fyrst buførte til heimstølen, Brennestølen, der dei var i om lag 14 dagar. Her fann dei ved som skulle rekke til heile sumaren og bjørkeris til sopelimer. Dette frakta dei med seg til fjells. Frå heimstølen køyrde dei fyrst bufarslasset på slede ned til vegen. Deretter lessa dei over på ei firehjulsvogn. Det var ikkje køyreveg heilt fram til Kulthaug på denne tida, så mora måtte ta yngstemann på ryggen, og over bekkane vassa ho med den nest minste under armen i tillegg. Dei var gjerne 10 veker på Kulthaug, om dei ikkje vart overraska av snø, som det året Lars vart fødd. Da måtte dei reise heimover allereie i midten av august, da Lars berre var ein månad gamal. På heimvegen brukte dei å vere om lag tre veker på Brennestølen. Stølsfôret køyrde dei heim frå løa på vinterføre.
Lars nemner også at ungane kunne tene litt pengar på turistane som for over fjellet. "Eg hugsar eg hadde tent heile 5 kr ein sumar. Dette sette eg i banken om hausten."
Nye stølsbygg og hytteutbygging på 1900-talet
I 1913 selde bror til Lars, Mikkel Olson Slettemoen, fleire hundre mål av eigedomen til stasjonsmeistar Elias Mossige. Mikkel la ned Kulthaug-stølen med to vollar i 1927 og rydda ein ny støl, Sisseldalen, nærare nyevegen (R7) lenger sør på eigedomen. Denne var i drift iallfall til 1970.
Sonen til Mikkel, Olav (f. 1911), kjøpte kring 200 mål tilbake frå Mossige og parsellerte dei ut til hyttetomter som han selte eller bygsla bort. Innimellom hyttene finst det fortsatt (2025) restar av steinbuer og steingjerder etter dei gamle Kulthaug-stølane.
Restar etter dei gamle Kulthaug stølane
Sjå også
- Oversyn over stølar på Ustaoset.
Fotnotar
- ↑ Slettemoen, s. 41-42
Kjelder
- Reinton, Lars og Sigurd: Folk og fortid i Hol. I kommisjon hos Grøndahl, 1938-1982. Bind 3 og 7.
- Slettemoen, Lars O.: Minne, tankar og meiningar. Ukjent år. I: Under Hallingskarvet, 2005. S. 39-46.