Lars Olson Slettemoen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 8. jul. 2015 kl. 20:46 av Marianne Wiig (samtale | bidrag) (bilde)
Hopp til navigering Hopp til søk
beskrivelse
Foto: fotograf/kilde

Lars Olsen Slettemoen (fødd 17. juli 1885 på stølen Kulthaug, Ustaoset, Hol kommune, dødsår ukjent) var snikkar og bonde på Vestvoll i Moen i Hol. I heimkommunen er han særleg kjent som far til Bygdahall, det fyrste samfunnshuset i Hallingdal.

Lars var den yngste av 8 syskjen, og foreldra, Ola Mikkelsen Slettemoen (1845-1906) og Anne Olsdotter Nedremyr (1846-1940), var gardbrukarar på søre Slettemoen i Moen. Faren vart sjuk og arbeidsufør da Lars var eit år gamal. Lars skriv om han at han var "ein stille og svært religiøs mann".[1] Om mora skriv han at ho nok var "av ein annan natur". Han minnest at ho arbeidde støtt, både i fjøset, ute i marka og inne. "Då ho var 80 år gamal, skar ho 1/2 mål åker på ein dag." Det var trange kår og ungane kom tidleg i arbeid både på garden og på stølane. Frå Lars var 7-8 til han var 15 år hadde han fast sumarjobb som gjetargut.

Da faren døydde og broren Mikkel overtok søre Slettemoen, ønskte Lars å gå på lærarskule, men det tillet ikkje økonomien. I staden tok han seg arbeid og tente nok til å kunne gå på Voss Folkehøgskule vinteren 1907-1908. Her gjekk han mellom andre saman med venen Torleiv Reinton. Etter året på folkehøgskule, jobba dei to venene tre sumrar med å skysse folk over fjellet frå Haugastøl, av og til heilt til Myrdal. Ein vinter gjekk Lars i snikkarlære og jobba han ei tid på snikkarverkstaden til Torleiv Reinton.

"I 1916 tok eg meg tid til å gifte meg," skriv Lars.[2] Kona heitte Marie Foss (1880-1943) og var frå Øvre Eiker. Ho hadde lærarutdanning og verka som lærar frå 1905-1942, frå 1917 i Moen. Lars og Marie fekk ingen born.

Vestvoll, opprinneleg heimstøl til søre og myljo Slettemoen, var svært attgrodd da Lars kjøpte han i 1913, så det vart mykje nyrydding. For dette arbeidet fekk han Ny Jords diplom i 1941. Også to av brørne hans, Ola og Pål, rydda seg gardar frå grunnen av. Lars bygde fleire nye hus på Vestvoll. I 1940 bygde han også silo og eksperimenterte heile livet med å finne alternativ til den tradisjonelle syra, for å få sunnare fôr og dermed betre mjølk og kjøt. Han engasjerte seg også i dyrevern og var i mange år formann i Hol dyrevern. Lars var tidleg ute med å kjøpe traktor (1947). Den overlet han seinare til maskinlaget.

Lars engasjerte seg sterkt i arbeidet med å få bygd det første samfunnshuset i dalen, Bygdahall, og var formann i byggenemnda for dette. Han var også ein pådrivar i veg- og brubygginga i Moen, og fekk gjennomført dette som samvirketiltak.

I 1949 selde han garden til brorsonen, Ola Olsen Slettemoen, men vart buande i sitt eige hus på garden.

Fotnotar

  1. Slettemoen, s. 39-40 (gjeld heile avsnittet)
  2. Slettemoen, s. 41

Kjelder og litteratur