Leite notlag

Leite notlag var (er) var eit notlag i Austefjorden i Volda kommune.

Kart over indre del av Austefjorden

Notlaget held til i Pøyten i utløpet av «Mørevassdraget» (Fyrdselva, sjå kartet). Folk har brukt namnet som eit samlebegrep for nøter og båtar med tilhald i det store notanaustet i Pøyten, grunneigar Leite 46/1.

Her har truleg vore eldre nøter enn oppgitt her, dette er uklart enno. Laget er vel idag det einaste gjenverande med samanhengande drift frå storheitstida på 1950-talet til i dag.

Ordforklaringar:

«Omfar» blir talt på den måten at du tek i not eller garn med hendene vel ein halv meter frå kvarandre. Så strekker du mauskane/maskane, som er ein firkant, diagonalt så tråden ligg paralellt. No tel du kor mange mauskar der er på ei gamal norsk aln (alen). Ei aln = 2 norske fot = 24 norske tommar = 0,6275 m.

«Bussen» er småbutten og sterkare not, her truleg 64-omfar, ein passar på at ein tek fisken fram siste delen med denne sterkaste og mest småbuttne delen av nota for å unngå skade og at fisken «netjar seg» (går seg fast i mauskane).

Nøter ein veit om

Lissjenota

Eigarar: Jakob Leite og Helge Fossheim. Nota var ei bomullsnot, lengde ca. 70 famner. Den hadde 36-omfar not i begge endar og «bussen» midt på. Nota var lite brukt, var meir som ei reservenot å rekne. Dei tok denne inn på båt når Storenota hang til tørk slik at dei hadde noko å hjelpe seg med om det hasta å kaste. Brukt på fyrste «Fisk» eller «Lissjepurka» M 116 VA.

Storenota

Eigarar: Jakob Leite og Helge Fossheim. Nota var ei bomullsnot, vart etterkvart ca. 120 famner lang og 10 famner djup. Start ca. 1955. Brukt på fyrste «Fisk» eller «Lissjepurka» M 116 VA.

Sildenota

Eigarar: Jakob Leite og Elias Førde. Nota vart kjøpt frå Løfoll notlag då det vart nedlagt ca. 1955, den var då 90 famner lang og 12 famner djup. Den vart brukt på «Vak» eller i daglegtale «Pøytapurka» M 3 VA.

Laksenota

Dette var ei storbutten not berekna på laksefiske. Den vart laga då laget fekk lakseløyve i 1943. Brukt til ein gong utpå 1970-talet. Brukt frå robåt. Kor eigarskapen var her kjem etter kvart.

Stengjenøter

Omlag som for Holsvik notlag.

Den "nye" tid

Frå omlag 1975 har her vore nylonnot med Leite som eigar frå 1984. Dagens not er 180 famner lang og dekker Follabugen frå Kuen og inn i Skinvikreina i ein fin boge, dette gjer nota lett og fin å slepe langs land til lageleg landingsplass. Denne nota har vore brukt på siste «Fisk» M 116 VA med 10 HK Sabb.

Båtar i notlaga

«Fisk I» M 116 VA eller «Lissjepurka» , bygd 1959 som klinkerbygd trebåt på Bjørnaset i Volda kommune (er det nokon som veit kven båtbyggaren var ?), størrelse 5,9/1,8/1,3 m. Var brukt i Leite notlag til landnot, fyrst robåt med eitt årepar (hadde den spel?). I 1962 fekk den innsett ein 9 HK luftkjølt Briggs & Stratton bensinmotor. 1966 er båten i Statens fiskeriregister. For å få bruke mest mogeleg plass til not var motoren plassert så langt fram i «forstova» (mot stamnen) som mogeleg, Der var så vidt plass til å legge snora på starthjulet. Der var flatreimsdrift med reimkobling frå motor til reimhjulet på den flattliggande propellakslingen. Ein spesiell konstruksjon, men kva gjer ein ikkje når ein treng plassen. Båten enda sine dagar under ei gran som leikeplass for ungane i Sundalen i 1972.

«Fisk II» M 116 VA eller «Lissjepurka»: Klinkerbygd trebåt. Var brukt i Leite notlag til landnot, noko og til snurpenot. I 1971 - 72 då den gamle «Lissjepurka» var roten og godt oppbrukt gjekk han Leite-Jakob til sin gode ven og argaste konkurrent på sjøen, han Djuvik-Einar (Einar Høydalsvik f. 1920) og lurte på om han ikkje kunne bygge ny notbåt. Jau, då. Det fyrste dei tok mål av var båtbyggeriet (som eigentleg var tenkt til å bygge færing i), dette romet fråtrekt 20-30 cm vart lengste lengde på den nye «Pøytapurka». Den er aldri målt i noko fiskeriregister, men ein veit den var 0,10 m kortare enn neste båt bygd på same plassen, altså: 6,2/2,3/0,8 m, men måla stod vidare i fiskeriregisteret som den forrige «Lissjepurka». Fiskerinummeret frå den forrige båten vart sett på den nye, heile prosessen vart vel nærast sett på som ein reparasjon utan at ei flis fylgde frå den gamle til den nye båten. Omlag ti år seinare hadde nota vorte så stor at det var ikkje fribord att med våt not i båten. No vart den dregen opp i Leitetunet og den no aldrande Djuvik-Einar møtte opp på nytt og fekk med god hjelp ripa opp båten med eitt solid omfar (eit omfar er ei runde med bordgang på ein klinkerbygd båt) og ny rekke. Båten hadde no omlag desse måla: 6,4/2,4/0,9 m. Denne båten vart eit produkt, lokalt laga og lokalt brukt, unntaket var båtsaum, kjølspikar og ein ny 10 HK Sabb-motor med propellutstyr. Båten var vel knapt utom Furneset før den vart gitt vekk til Ørsta i 2009.

«Vak» M 3 VA eller «Pøytapurka»,, var bygd 1949 til Jakob Leite og Elias Førde, eller det bygda kalla Leite notlag, på Vik Båtbyggeri i Høydalen som dekka gavlbåt i tre. Måla: 30,0/9,0/5,0 fot. Ny motor; Volda 1949, 10 HK. Den vart brukt til Sildenota. Då «Brislingen» eller «Storeveren» til Håvik notlag var på Vik båtbyggeri til ombygging ca. 1954 var «Vak» utleigd til slepebåt med Jakob Leite som skipper. Båten vart mykje nytta som fraktebåt med varer og som turbåt. «Vak» vart seld midt på 1960-talet.

Kjelder


  Leite notlag er ein del av prosjektet Kulturminneregistrering i Volda og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Artiklar i Kjeldearkivet skal ikkje endrast, bortsett frå at lenkjer kan leggjast inn.
Fleire artiklar finn du i denne alfabetiske oversikten og på prosjektforsida.