Leiv Drotninghaug

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 13. okt. 2018 kl. 08:07 av Eldar Høidal (samtale | bidrag) (Ny side: '''Leiv Drotninghaug''' (1928 – 2018) var i mange år sentral i laksekultiveringsarbeidet i Sykkylven og på Sunnmøre. Han hadde elles allsidige kulturelle og samfunnsmessige interess...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Leiv Drotninghaug (1928 – 2018) var i mange år sentral i laksekultiveringsarbeidet i Sykkylven og på Sunnmøre. Han hadde elles allsidige kulturelle og samfunnsmessige interesser og var heile livet sitt med i byggjande arbeid i heimkrinsen, Straumgjerde.

Drotninghaug var fødd 30. mai 1928 og vaks opp på Bendikplassen på Straumsheim. Han var eldst i ein søskenflokk på tre, der dei andre var Anna og Else. Faren, Ole Drotninghaug, kom frå plassen Reiten på Drotninghaug og hadde gifta seg med Laura Straumsheim, som kom frå Bendikplassen. Dei eigde såleis begge bruka. Leiv Drotninghaug tok seinare over plassen på Drotninghaug.

Han gjekk på skule i Straumgjerde, før han gjekk vidare på realskule på Aure. Han deltok også i tysklandsbrigaden etter krigen. På slutten av 1950 talet traff han Irene f. Vinje. Dei gifta seg i 1963 og fekk i 1966 sonen Odd Jostein. Dei kjøpte seg hus i Straumgjerde sentrum, eit hus som dei la ned mykje arbeid i å pusse opp og seinare bygge på.

Leivb Drotninghaug starta som mange andre i møbelindustrien. Han byrja ved Hoff Møbelfabrikk og arbeidde seinare ved Tandstad Lenestolfabrikk. Etter kvart fann han ut han ville prøve seg med småindustri og starta med produksjon av peispustarar heime i kjellaren. Desse selde han vidare gjennom svogeren sin i Oslo.

I denne perioden var han og med som frilansar med glasmeister Ove Straumsheim AS, då han starta opp verksemda si. Peispustar-produksjonen heldt han på med i mange år. På slutten av 1980-talet vart konkuransen hard frå lågkostland og salet vart mindre. Han starta då på igjen hos Ove Straumsheim AS, denne gongen som fast tilsett. Der var han til han nådde pensjonsalder.

I 1969 starta Drotninghaug saman med kona Irene å bygge hytte på fjellet. Han tok ned eit eldre stabbur i tømmer på Riksheim og sette det opp igjen med eit mindre tilbygg. Han fann ut han ville prøve seg med utleige av hytta, og satsa på den tyske marknaden. Dette gjekk godt og han bygde i 1975 ei hytte til, som han og leigde ut. Turistane fekk grundig rettleiing i laksefiske i Straumen, då laksefiske hadde blitt ein kjær hobby for han. Leiv Drotninghaug brukte mykje tid på laksefisket. Han var aktivt med i grunneigarlaget som styrte med fisket i Fetvassdraget. Gode sesongar fiska han gjerne 70-80 fiskar i elva. I grunneigarlaget var han fast medlem i ei årrekkje, og fekk etter kvart svært godt kunnskap om kultiveringsarbeidet, noko som var viktig for å bevare laksestamma i vassdraget. Han og Kaspar Fet utgjorde ein stor kunnskapsbase og kunne gjerne sette på prøve folk frå fylkesmann eller direktorat som ytra meiningar på tvers av deira kunnskap.

Han var og aktiv i fotballag og ungdomslag i mange år. Dette var UL Samhald, IL Ringen og seinare VRF.

Garden på Drotninghaug la han mykje arbeid ned i. Delar av huset var i særs dårleg forfatning då han tok over. Det tok både mykje tid og pengar å restaurere dette. Her dyrka dei også poteter, jordbær, epler m.m. Leiv Drotninghaug likte å skrive, og var ei tid meldar i lokalavisa Sykkylvsbladet. Han sende inn stykke om smått og stort i heimbygda og signerte artiklane med Leidro.

Kjelde: Minneord av sonen Odd Jostein Drotninghaug i gravferda til Leiv Drotninghaug Sykkylvsbladet

Kategorier