Leiv Drotninghaug

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Faksimile frå Sykkylvsbladet 9. juni 1995; utsnitt av omtale av Leiv Drotninghaug i høve pensjoneringa.

Leiv Ottar Drotninghaug (fødd 30. mai 1928, død 11. september 2018) var i mange år sentral i laksekultiveringsarbeidet i Sykkylven og på Sunnmøre. Han hadde elles allsidige kulturelle og samfunnsmessige interesser og var heile livet sitt med i byggjande arbeid i heimkrinsen, Straumgjerde.

Drotninghaug vaks opp på Bendikplassen på Straumsheim. Han var eldst i ein søskenflokk på tre, der dei andre var Anna og Else. Faren, Ole Drotninghaug, kom frå plassen Reiten på Drotninghaug og hadde gifta seg med Laura Straumsheim, som kom frå Bendikplassen. Dei eigde såleis begge bruka. Leiv Drotninghaug tok seinare over plassen på Drotninghaug.

Småindustri

Drotninghaug gjekk på skule i Straumgjerde, før han gjekk vidare på realskule på Aure. Han deltok også i Tysklandsbrigaden etter krigen. På slutten av 1950-talet traff han Irene f. Grebstad. Dei gifta seg i 1963 og fekk i 1966 sonen Odd Jostein. Dei kjøpte seg hus i Straumgjerde sentrum, eit hus som dei la ned mykje arbeid i, og seinare bygde på.

Leiv Drotninghaug starta som mange andre i møbelindustrien. Han byrja ved Hoff Møbelfabrikk og arbeidde seinare ved Tandstad Lenestolfabrikk. Etter kvart fann han ut han ville prøve seg med småindustri og starta med produksjon av peispustarar heime i kjellaren. Desse selde han vidare gjennom svogeren sin i Oslo.

Laksekultivering

I denne perioden var han og med som frilansar med glasmeister Ove Straumsheim AS, då Straumsheim starta opp verksemda si. Peispustar-produksjonen heldt han på med i mange år. På slutten av 1980-talet vart konkurransen hard frå lågkostland, og salet vart mindre. Han starta då på igjen hos Ove Straumsheim AS, denne gongen som fast tilsett. Der var han til han nådde pensjonsalder.

I 1969 starta Drotninghaug saman med kona Irene å bygge hytte på fjellet. Han tok ned eit eldre stabbur i tømmer på Riksheim og sette det opp igjen med eit mindre tilbygg. Han fann ut at han ville prøve seg med utleige av hytta, og satsa på den tyske marknaden. Dette gjekk godt, og han bygde i 1975 ei hytte til, som han også leigde ut. Turistane fekk grundig rettleiing i laksefiske i Straumen, då laksefiske hadde blitt ein kjær hobby for han. Han var aktivt med i grunneigarlaget som styrte med fisket i Fetvassdraget. Han la ned ein betydeleg innsats for å bevare laksestamma i vassdraget. Han og Kaspar Fet hadde omfattande kunnskapar om praktisk kultiveringsarbeid, og kunne gjerne utfordre folk frå fylkesmann eller direktorat som ytra meiningar på tvers av deira kunnskap.

Avismeldar

Drotninghaug var og aktiv i fotballag og ungdomslag i mange år. Dette var UL Samhald, IL Ringen og seinare VRF.

Garden på Drotninghaug la han mykje arbeid ned i. Delar av huset var i særs dårleg forfatning då han tok over. Det tok både mykje tid og pengar å restaurere dette. Her dyrka dei også poteter, jordbær, epler m.m. Leiv Drotninghaug likte å skrive, og var ei tid meldar i lokalavisa Sykkylvsbladet. Han sende inn stykke om smått og stort i heimbygda og signerte artiklane med Leidro.

Kjelder