Lesja bygdebokarkiv: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Ny side: Lesja bygdebokarkiv er eigentleg ein kombinasjon av:)
 
Ingen redigeringsforklaring
Linje 1: Linje 1:
Lesja bygdebokarkiv er eigentleg ein kombinasjon av:
'''[[Lesja bygdebokarkiv]]''' er ein kombinasjon av:
# Sjølve prosjektarkivet: brev, sakspapir, møtereferat, budsjettnotat, trykketilbod osv. som gjeld planlegging og gjennomføring av arbeidet med prosjektet, og som må sjåast på som eit eige [[arkiv]].
# Ei omfattande og delvis ordna samling av kopiar av originale arkivsaker frå forskjellige offentlege arkivinstitusjonar, der dei viktigaste er [[Riksarkivet]] og [[Statsarkivet i Hamar]]. Finst i hovudsak i form av kopiar og mikrofilm. Visse kjeldeseriar er altså dataregistrerte.
# Originale dokument samla inn/produsert gjennom prosjektet: spørjeskjema, intervju, ikkje tinglyste eldre dokument (t.d. husmannskontraktar), bilde, livsminne, stadnamn o.a.
 
== Bakgrunn ==
Arbeidet med [[Bygdebok for Lesja|bygdeboka for Lesja]] (gards- og slektshistoria) starta i 1972 da [[Lesja kommune]] sette ned den første bygdeboknemnda. Denne kjøpte arkivet etter avdøde overlærar Per Berg, Hamar (voks opp på Stein-bakken u. Stavem). Han hadde i meir enn 50 år drive systematisk avskriving av stort sett eldre historisk kjeldemateriale frå Lesja, med vekt på skattelister frå 1600-talet, tingbøkene (justisprotokollane) frå 16- og 1700-talet, kyrkjebøkene og forskjellige manntal og folketeljingar. Berg ordna òg dette stoffet til ein viss grad, m.a. tok han utskrifter frå tingbøkene på lappar for kvar einskild gard, og sorterte desse. Han gjennom-førte òg delvis rekonstruksjon av familiane, slik at han kunne levere slektslister på førespurnad. Per Berg døydde i 1974.
 
I nokre år sist i 1970-åra var to personar – Arne Amundgård og Egil Mølmen – engasjert for å bearbeide stoffet etter Per Berg til bygdebok for Lesja, eit arbeid som av forskjellige grunnar stoppa opp. I 1980 vart så Norsk lokalhistorisk institutt i Oslo kontakta og bede om råd, og via professor Jørn Sandnes i Trondheim vart så underskrivne tilbode engasjement. Eg starta i engasjementet hausten 1981. Første band av bygdeboka vart gjeve ut i 1987, band 2 i 1992 og band 3 i 1996.
 
I første del av prosjektperioden organisert eg relativt omfattande stoffinnsamling i tillegg til det som var inn-kjøpt etter Per Berg. Det galdt m.a. ein god del fotostatkopiar og mikrofilm av forskjellige kjelder, samt minne- og bildeinnsamling rundt om i bygda. Av andre innsamlingsprosjekt eg til dels deltok i må særleg nemnast stadnamn- og sefrak-registreringar, samt etter kvart nokså omfattande dataregistrering av kjelder.
 
Eg trur eg kan påberope meg relativt tidleg kompetanse i elektronisk databehandling av kjelder og manus-skriving ved hjelp av tekstbehandling. Alt i 1983 skreiv eg eit lite delkapittel i Jørn Sandnes: Handbok i lokalhistorie (Univ. forlaget), om desse problemstillingane. I 1984–85 fekk eg til eit samarbeid med den relativt nyetablerte Registreringssentral for historiske data ved Universitetet i Tromsø om registrering av folketeljingar for Lesja (1865, 1875 og 1900). Litt seinare starta dei første registreringane av kyrkjebøkene for Lesja, samt ein god del andre kjelder. Her må dødsbuskifta og samleoversyn over personar som emigrerte til USA nemnast særskilt.
 
Som eigne prosjekt, dels eller i hovudsak finansiert gjennom arbeidsmarknadsmidlar, sette vi i løpet av 1980-åra i gang innsamling av gamle bilde og livsminne, og vi gjekk inn og gjorde eit ikkje lite kvalitets-sikringsarbeid på eit stadnamninnsamlingsprosjekt i regi av Lesja historielag i samarbeid med Stadnamn-arkivet ved Universitetet i Oslo.

Sideversjonen fra 12. nov. 2020 kl. 14:57

Lesja bygdebokarkiv er ein kombinasjon av:

  1. Sjølve prosjektarkivet: brev, sakspapir, møtereferat, budsjettnotat, trykketilbod osv. som gjeld planlegging og gjennomføring av arbeidet med prosjektet, og som må sjåast på som eit eige arkiv.
  2. Ei omfattande og delvis ordna samling av kopiar av originale arkivsaker frå forskjellige offentlege arkivinstitusjonar, der dei viktigaste er Riksarkivet og Statsarkivet i Hamar. Finst i hovudsak i form av kopiar og mikrofilm. Visse kjeldeseriar er altså dataregistrerte.
  3. Originale dokument samla inn/produsert gjennom prosjektet: spørjeskjema, intervju, ikkje tinglyste eldre dokument (t.d. husmannskontraktar), bilde, livsminne, stadnamn o.a.

Bakgrunn

Arbeidet med bygdeboka for Lesja (gards- og slektshistoria) starta i 1972 da Lesja kommune sette ned den første bygdeboknemnda. Denne kjøpte arkivet etter avdøde overlærar Per Berg, Hamar (voks opp på Stein-bakken u. Stavem). Han hadde i meir enn 50 år drive systematisk avskriving av stort sett eldre historisk kjeldemateriale frå Lesja, med vekt på skattelister frå 1600-talet, tingbøkene (justisprotokollane) frå 16- og 1700-talet, kyrkjebøkene og forskjellige manntal og folketeljingar. Berg ordna òg dette stoffet til ein viss grad, m.a. tok han utskrifter frå tingbøkene på lappar for kvar einskild gard, og sorterte desse. Han gjennom-førte òg delvis rekonstruksjon av familiane, slik at han kunne levere slektslister på førespurnad. Per Berg døydde i 1974.