Lesja prestegjeld
Hopp til navigering
Hopp til søk
Lesja prestegjeld omfatta frå 1500-talet Lesja hovudsokn og Dovre annekssokn. Sist på 1600-talet vart Lesjaskog annekssokn etablert som følgje av oppbygginga av Lesja jernverk. Øvre Folldal vart òg annekssokn under Lesja frå midten på 1700-talet. I 1861 vart Øvre Folldal og Dovre (med Dombåsgrenda skilt ut frå Lesja prestegjeld.
Prestegjeldet har desse kyrkjene:
Lesja kyrkje (bygd 1749)
Lesjaskog kyrkje (bygd som verkskyrkje ved Lesja jernverk 1695-97, flytt til Lesjaskog 1855)
Lesjaverk kyrkje (bygd 1964)
Prestgarden (opphavleg namn: Hov) ligg like nedafor Lesja kyrkje.
Litteratur
Kleiven, Ivar 1923: Gamal bondekultur i Gudbrandsdalen. Lesja og Dovre