Lesjaskog kornmagasin

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 5. mai 2009 kl. 14:20 av Arnfinn Kjelland (samtale | bidrag) (Ny side: '''Lesjaskog kornmagasin''' vart bygd i 1818 på Magasinhaugen ved Mølmen. Same året vart det òg bygd tilsvarande magasin i dei andre sokna i Lesja prestegjeld: hovudsoknet o...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Lesjaskog kornmagasin vart bygd i 1818 på Magasinhaugen ved Mølmen. Same året vart det òg bygd tilsvarande magasin i dei andre sokna i Lesja prestegjeld: hovudsoknet og Dovre, etter at prestegjeldet hadde mottatt 200 tønner korn i gåve frå kongen, Carl Johan. Bygdefolket måtte hente kornet sjølv på Akershus festning, så det vart ikkje ei heilt gratis gåve. Av gåva gjekk 18 tønner hit til magasinet på Lesjaskog.

Kornbehaldninga i magasinet skulle lånast ut som såkorn til dei bøndene som ikkje hadde nok sjølv. Renta var 12,5 % p.a. fram til 1854, da ho vart sett ned til det halve. Utlåna kunne vere små, berre ei skjeppe. Kornet skulle halde ei viss minstevekt, men vart lånt ut etter mål (tønner).

Kornmagasina var til stor hjelp i bygdene tiåra etter dei vart etablert, særleg på Lesjaskogen. Denne delen av bygda vart særleg utsett i dei sju dårlege åra sist på 1830-talet, og i 1840 hadde magasinet her uteståande krav på 106 tønner.

I 1850 hadde behaldninga i magasinet vokse frå 18 til om lag 145 tønner, når dei rekna med rentene som delvis stod ute blant 88 låntakarar det året.

Behaldninga voks etter som kommunikasjonane vart forbetra og det vart høve til å få billegare korn annanstads frå. Dei fleste kornmagasina vart derfor avvikla frå 1860 og utover. Salet av kornet vart ofte nytta som grunnfond i dei nye sparebankane som etter kvart kom opp. Dette tok til på Lesjaskogen. I 1873 er det opplyst at lageret var så stort at det ikkje fekk plass i magasinet. Samstundes søkte dei om løyve til å selja kornet og nytte overskotet som grunnfond i ein eigen sparebank for soknet. det løyvet fekk dei ved kongeleg resolusjon i 1874, og ved salet kom det inn kr 6.844,38.

Desse pengane gjekk inn som del av grunnfondet i Lesjaskog sparebank da den vart etablert i 1908.

Magasinhuset vart seld til Skiri i Romsdalen og stod som stabbur der til menighetsrådet i 1962 tok initiativ til å kjøpe det attende i og sette det opp att ved Lesjaskog kyrkje.

Litteratur