Live Moen: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Ny side: '''Live Moen''' (fødd i Lom 13. oktober 1879, død i Skjåk 1968) var arbeidar og småbrukar. Før ho gifta seg, brukte ho etternamnet Grindstugu etter ein plass under Lyngve i...)
 
(Kategori)
Linje 25: Linje 25:
{{DEFAULTSORT:Moen, Live}}
{{DEFAULTSORT:Moen, Live}}
[[Kategori:Personer fra Skjåk kommune]]
[[Kategori:Personer fra Skjåk kommune]]
[[Kategori:Personer fra Lom kommune]]
[[Kategori:Fødsler i 1879]]
[[Kategori:Fødsler i 1879]]
[[Kategori:Dødsfall i 1968]]
[[Kategori:Dødsfall i 1968]]
[[Kategori:Kvinnesak]]
[[Kategori:Kvinnesak]]
{{F1}}
{{F1}}

Sideversjonen fra 21. mar. 2012 kl. 17:32

Live Moen (fødd i Lom 13. oktober 1879, død i Skjåk 1968) var arbeidar og småbrukar. Før ho gifta seg, brukte ho etternamnet Grindstugu etter ein plass under Lyngve i Vårdalen (Garmo sokn), der familien budde ei tid medan Live var barn. Ho flytta til Skjåk da ho gifta seg, og budde der livet ut. Live Moen var ei av seks kvinner i som stilte som kandidatar på ei rein kvinneliste ved kommunevalet i Skjåk i 1928.

Foreldra var Ola Jonsson (ca. 1841-1903) frå Vågå og Torø Larsdotter frå plassen Roi under gnr. 7.2 Frisvoll i Vårdalen (f. 1846). Familien var plassfolk på fleire plassar: Eklelykkja i Garmo, i Synstlia i Vågå, og i 1882 fekk dei husmannskontrakt på Grindstugu. Før 1900 kom dei til ein annan plass under Lyngve, Øvre Runningi

På folketeljingstidspunktet 1900 er Live registrert som budeie på Graffer, ein større gard rett i nærleiken av barndomsheimen Grindstugu.[1] Ho bur da i fjøset på Graffer.

Vi har ikkje funne Live i folketeljinga 1910,

I 1912 gifta ho seg med vegarbeidar Ola O. Moen frå det vesle bruket Turrmoen på Dalane i Skjåk (1876-1956). Ola selde Turrmoen, og dei kjøpte i staden småbruket Søre Ytre (gnr. 24.8) i same grenda. Live og Ola fekk fire born (Anna f. 1912, gift med Mathias Moastuen, Rolv f. 1915, gift med Kari Andersbakken og brukar på Ytre etter foreldra, John f. 1917, lærar, gift med Sigrid Holmberg og Torbjørg f. 1920, gift med Hans O. Hosar)

Live var samfunnsinteressert og hadde sine meiningars mot. I 1928 stilte ho som kandidat på ei kvinneliste til kommunevalet i Skjåk, saman med fem andre kvinner frå ulike sosiale lag og med ulike politisk ståstader. Live sympatiserte med arbeidarrørsla, slik også andre i familien gjorde. Kjeldene som er gjennomgått, gjev likevel ikkje opplysningar om eventuelle medlemsskap og tillitsverv som ho sjølv har hatt i parti og andre organisasjonar. Derimot var mannen hennar med i den fyrste gruppa av sosialistar/kommunistar som kom inn i kommunestyret i bygda frå 1923, og sonen John var leiar i det arbeidarungdomslaget i bygda på slutten av 1930-talet, til det vart forbode etter 25. september 1940.


Referansar

Kjelder og litteratur

  • Folketeljinga 1900
  • Kolden, Jon (red. Arnfinn Kjelland): Bygdabok for Lom 1, side 312 og 319)
  • Ættebok for Skjåk II, side 30, spalte 2.
  • Intervju med John O. Moen for Skjåk bygdebok (i bygdebokarkivet).