Lo (Nord-Fron gnr. 246/1)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.


Mal:Thumb høyreLo er ein gard i Sorperoa i Nord-Fron kommune (gnr. 246/1). Gardsnamnet, som finst fleire stader i Noreg, tyder «lågtliggande engeslette». Lo har om lag 420 mål dyrka jord, 1700 mål skog og 2000 mål anna areal. I 1998 var det 30 mjølkekuer her. Lo har seter på Hattdalen, før Liseter (Høgsetra). Garden har fleire gamle hus, mellom anna våningshus frå 1734 og eldhus med drengestugu frå 1754. I 1865 var det heile ti husmannsplassar under Lo, som då fødde sju hestar og 44 kuer.

Frå Lo stammar mellom anna det praktfulle drikkehornet på Maihaugen, «Osjukahornet». På garden kan det òg ha lege ein forhistorisk steinkrins, noko det framleis er fleire av i nabobygda Sør-Fron. I Hiorthøys topografiske skildring av Gudbrandsdalen (1775) fortel han at det ved «Lo er mange Kiempegrave og stensatte Kredse».

Veterinæren Amund Lo (1864-1941) vaks opp på Lo, som son av Lodver Iversen og Rønnaug Hansdotter Lo (sjå eigarlista nedanfor).

Eigarar

Mal:Thumb høyre Garden har lenge vore i same slekt, truleg sidan 1660-talet, men brukarane her var leiglendingar til 1836. Etter at Lo vart sjølveigande gard, har staden hatt desse eigarane:

  • Lodver Iversen (1836-1885)
  • Iver Lodversen (1885-1908)
  • Rønnaug Iversdotter Lo, gift med Ole Chr. Hvattum (1908-36)
  • Iver Olsen Lo (1936-74)
  • Amund Lo (1974-)

Husmannsplassar

  • Lostugu (Bergset)
  • Nedre Lostugu
  • Øvre Lostugu
  • Øvre Odden (Kolodden), fråskilt i 1946 (bnr. 25)
  • Ytre Odden
  • Vetl-Odden (Myrvoll), fråskilt i 1931 (bnr. 6)
  • Storodden, fråskilt i 1847 (bnr. 2)
  • Lomoen
  • Grinda
  • Steinbakken, nedlagt
  • Salmakarstugu
  • Johimen
  • Martinmoen
  • Dokkastugu
  • Giverhaugen
  • Rustad

Kjelder og litteratur