Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2013-6

Fra lokalhistoriewiki.no
< Lokalhistoriewiki:Hovedside
Sideversjon per 21. des. 2012 kl. 12:39 av Kallrustad (samtale | bidrag) (Tomas Tandstad)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Tomas Tandstad i 2008.
Foto: Asgeir Tandstad

Tomas Tandstad (fødd 12. september 1912 i Straumgjerde, der han seinare budde, død 16. september 2013) arbeidde som møbelarbeidar og småbrukar, og var ein av Sykkylven sine fremste tradisjonsberarar.

Han måtte tidleg ta eit tak på garden heime på Tandstad, då faren, Petter, var sterkt redusert fysisk etter ein skade han fekk på Polson-campane i USA. Tomas var også med på forskjellig dagarbeid for andre, han var handlangar ved murarbeid og han var med på fiske i Borgundfjorden i to vintrar. Hausten 1930 byrja han ved AS Sykkylven kurvvarefabrikk, som kom i gang året før. Dei første tre månadane var introduksjonstid, og då måtte han arbeide gratis. I 1930 hadde verksemda nettopp byrja å tilverke overstoppa stolar. Tomas si oppgåve var å stoppe korgstolsete. Dei la stoppinga oppå ei finerplate. Ikkje lenge etterpå gjekk bedrifta over til å lage overstoppa og polerte lenestolar.Les mer...