Lovise Heggen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 10. aug. 2015 kl. 21:35 av Cnyborg (samtale | bidrag) ({{kvinner i lokalhistoria}})
Hopp til navigering Hopp til søk
Lovise Heggen
Foto: Johan J. Nerbøvik

Lovise Heggen (fødd 17. mars 1893 [1] på Heggen i Valldalen av foreldra Gurine Ingebriktsdtr. og Mons Ellingss. Heggen, som nr fem av fjorten sysken.[2] Ho vart konfirmert i Norddal i 1908 med karakteren «Næsten udmerket godt».[3]

Lovise Heggen tok eksamen ved Volda lærarskule i 1914 og hadde deretter stillingar ved Arendal, i heimbygda Valldalen og tre år i Narvik. I 1930 tok ho embetseksamen ved Universitetet i Oslo med hovudfag i norsk og sidefaga historie og engelsk.[4] Deretter vart ho lektor ved Volda lærarskule fram til 1957.

Lovise Heggen var sosialist og var med på etableringa av Volda Arbeidarlags kvinnegruppe i 1937, same året som ho vart vald inn i heradsstyret. Ho var òg sterkt religiøs, og vart medlem av Oxfordrørsla. Lærarskulen vart eit sentrum for denne rørsla. Ho var òg pasifist, og markerte seg ved å gå i mot hjelpa til Finland i februar 1940. Det fekk ho «skarpe hogg» for.[5]

I samband med operasjon ECHO som tyskarane gjennomførte mot heimefronten i Volda og Ørsta 1. februar 1945 vart Lovise Heggen arrestert og sendt til Falstad som einaste kvinne i lag med 40 karar. Alle kom attende til Volda fredsdagane.[6].

Etter krigen gjekk Lovise Heggen attende til politisk verksemd m.a. som andre vararepresentant til Stortinget frå landkrinsane i Møre og Romsdal etter stortingsvalet i 1947. Ho tok òg til i lektorstillinga ved lærarskulen att og arbeidde der til 1957. Ho var ugift og døydde i Volda 11. februar 1975.

Referanser

  1. Møre og Romsdal fylke, Norddal, Ministerialbok nr. 519A14 (1884-1908), Fødte og døpte 1893, side 58.
  2. Løseth, Arnljot 2000: Kristensosialisten frå Volda. I 100 år 100 navn. Sunnmørspostens forlag s. 111–13.
  3. Møre og Romsdal fylke, Norddal, Ministerialbok nr. 519A15 (1895-1912), Konfirmerte 1908, side 122.
  4. Løseth, smst.
  5. Nerbøvik, Jostein 1996: Krigsår og motstandvilje 1940-1945. Voldasoga 1800-1940 s. 28.
  6. Nerbøvik s. 330ff.