Lucine Nesterud

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 21. okt. 2018 kl. 05:35 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Ny side: '''Lucine Nesterud''' (fødd på Vestre Toten 1787 død i Kristiansand 1878) var haugianar. Ho var gift Bacherud og deretter Moe, men blir oftast omtala i kje...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Lucine Nesterud (fødd på Vestre Toten 1787 død i Kristiansand 1878) var haugianar. Ho var gift Bacherud og deretter Moe, men blir oftast omtala i kjeldene med Nesterud som etternamn. Ho kom frå ein bondefamilie på Toten, og vart saman med to ektemenn ein del av det kristiansandske næringsdrivande borgarskapet, som eigarar av eit boktrykkeri i byen og forretningsdrivande også på andre felt.

Opplysningar om Lucines vita er noko uvisse. Ho var venteleg fødd på garden Grevlaus i Ås sokn i Vestre Toten den 18. januar 1787.[1] Foreldra var Johan (eller Johannes) Olsen (fødd ca 1754) og Helene Svensdotter, ho visstnok frå Serstad. Dei var etter alt å dømme gardbrukarar på Grevlaus, men flytta seinare til Nesterud i same bygda, der familien er registrert i folketeljinga 1801.[2] Lucine er der registrert saman med seks andre sysken. Den eldre systera Berthe, som også var ein kjend haugianar, hadde truleg flytta heimefrå på teljingstidspunktet.

Referansar

  1. Nettstaden geni.com Wikibrukar Hans P. Hosar har gått gjennom barnedåpar i kyrkjeboka for Toten 1786-1788, utan å lykkast i å finne Lucine der.
  2. Mal:Folketelling person

Kjelder og litteratur