Lucine Nesterud

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Lucine Nesterud på sine eldre dagar.
Foto: Ukjent

Lucine Johansdotter Nesterud (fødd på Vestre Toten 1787 død i Kristiansand 1878) var haugianar. Ho var gift Bacherud og deretter Moe, men blir oftast omtala i kjeldene med Nesterud som etternamn. Ho kom frå ein bondefamilie på Toten, og vart saman med to ektemenn ein del av det kristiansandske næringsdrivande borgarskapet. Dei åtte og dreiv eit boktrykkeri i byen og dreiv også ei betydeleg handelsverksemd.

Opplysningar om Lucines vita er noko uvisse. Ho var venteleg fødd på garden Grevlaus i Ås sokn i Vestre Toten den 18. januar 1787.[1] Foreldra var Johan (eller Johannes) Olsen (fødd ca 1754) og Helene Svensdotter, ho visstnok frå Serstad. Dei var etter alt å dømme gardbrukarar på Grevlaus, men flytta seinare til Nesterud i same bygda, der familien er registrert i folketeljinga 1801.[2] Lucine er der registrert saman med seks andre sysken. Den eldre systera Berthe, som også var ein kjend haugianar, hadde truleg flytta heimefrå på teljingstidspunktet.

Lucine gifta seg i 1809 med Hans Torsen Bacherud, som dreiv boktrykkeri i Kristiansand. Han var frå garden Bakkerud i NesHedmarken, og vart ivrig haugianar. På oppmoding av Hans Nielsen Hauge hadde Bacherud kjøpt trykkeriet i 1803. Det skal også ha vore Hauge som hadde tilrådd at Lucine Nesterud og Hans Bacherud skulle inngå ekteskap. Bacherud døydde i 1814. Kort tid etter gifta Lucinea seg på nytt med ungdomskjærasten Ole Pedersen Moe(1783-1862) frå Røros, som også var ivrig haugianar. Han gjekk inn i drifta av trykkeriet og den øvrige forretningsverksemda som familien Bacherud hadde drive. Forretningsdrifta vart sterkt utvida, og familien vart ein av dei fremste innan kjøpmannsstanden i Kristiansand.

I følgje slektsoversynet på geni.com hadde Lucine eitt barn i sitt fyrste ekteskap og ti born i ekteskapet med Moe.


Referansar

  1. Nettstaden geni.com Wikibrukar Hans P. Hosar har gått gjennom barnedåpar i kyrkjeboka for Toten 1786-1788, utan å lykkast i å finne Lucine der.
  2. Lucine Nesterud i folketelling 1801 for Toten fra Digitalarkivet

Kjelder og litteratur