Berthe Nesterud

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Berthe Johansdotter Nesterud (fødd på Vestre Toten 1. desember 1784 død i Trondheim 1839) var haugianar og næringsdrivande. Ho var gift Bache og deretter Lykke, men blir oftast omtala i kjeldene med Nesterud som etternamn. Ho kom frå ein bondefamilie på Toten, og dreiv saman med to ektemenn handelsverksemd i Trondheim.

Opplysningar om Berthes vita er noko uvisse.[1] Ho var etter alt å dømme fødd på garden Grevlaus i Ås sokn i Vestre Toten.[2] Foreldra var Johan (eller Johannes) Olsen (fødd ca 1754) og Helene Svensdotter, ho visstnok frå Serstad. Dei var etter alt å dømme gardbrukarar på Grevlaus, men flytta seinare til Nesterud i same bygda, der familien er registrert i folketeljinga 1801.[3]. Berthe er ikkje registrert der, og hadde truleg flytta heimefrå på teljingstidspunktet. Derimot er sju av syskena hennar registrerte, deriblant Lucine som også vart kjend som haugianar og næringsdrivande.

Berthe Nesterud var fyrst gift med den haugianske forretningsdrivande i Trondheim Lars Bache. Heggtveit skriv om dette: «Efter Mandens Død "drev hun Handel saavel på Nordlands Markeder som i Byen, og skal ha været meget driftig ved Siden af, at hun var en levende Kristen, opfyldt av Kjærlighed til sine Medmennesker. For fattige havde hun stor Omsorg"» (Heggtveit opplyser ikkje kvar sitatet i sitatet er henta frå).

I 1831 gifta Berthe Nesterud seg oppatt med kjøpmann i Trondheim Iver Knudsen Lykke, opphavleg frå Kvikne. I likskap med den fyrste mannen hennar tilhøyrde Lykke den tette krinsen av haugianske næringsdrivande i og rundt Trondheim.

Referansar

Kjelder og litteratur