Ludvig Daae (1786–1831): Forskjell mellom sideversjoner
mIngen redigeringsforklaring |
(yngste valmann SF 1814) |
||
Linje 3: | Linje 3: | ||
Daae gjekk [[Bergen latinskole]] 1805-07, men byrja ikkje å studere i København før i 1809 på grunn av krigshendingane. Han vart cand.theol hausten 1812 og var frå 2. april 1813 personleg kapellan hjå faren i [[Leikanger]], frå 31. oktober 1814 residerande kapellan same stad. | Daae gjekk [[Bergen latinskole]] 1805-07, men byrja ikkje å studere i København før i 1809 på grunn av krigshendingane. Han vart cand.theol hausten 1812 og var frå 2. april 1813 personleg kapellan hjå faren i [[Leikanger]], frå 31. oktober 1814 residerande kapellan same stad. | ||
Daae vart vald til valmann for Leikanger ved fleire høve, fyrst i samband med [[Valet til riksforsamlinga i Nordre Bergenhus 1814|valet til riksforsamlinga våren 1814]] | Daae vart vald til valmann for Leikanger ved fleire høve, fyrst i samband med [[Valet til riksforsamlinga i Nordre Bergenhus 1814|valet til riksforsamlinga våren 1814]] der 28-åringen var den yngste av dei 42 valmennene. Seinare var han iallfall valmann både i [[Stortingsvalet i Nordre Bergenhus 1814|valet hausten 1814]] og [[Stortingsvalet i Nordre Bergenhus 1815|valet i 1815]]. | ||
Daae vart utnemnt til sokneprest til [[Trondenes]] 13. april 1823, men overtok aldri kallet. Han vart verande i Sogn då han 2. juni same året fekk sokneprestembetet i [[Lærdal]] som han hadde til han døydde. | Daae vart utnemnt til sokneprest til [[Trondenes]] 13. april 1823, men overtok aldri kallet. Han vart verande i Sogn då han 2. juni same året fekk sokneprestembetet i [[Lærdal]] som han hadde til han døydde. |
Sideversjonen fra 22. jun. 2014 kl. 08:16
Ludvig Daae (fødd 26. november 1786 i Leikanger, død 6. desember 1831 i Lærdal) var sokneprest i Sogn. Han voks opp i Leikanger som eldste son av sokneprest Anders Daae og Anne Sophie Heiberg, som var prestedotter frå Sogndal.
Daae gjekk Bergen latinskole 1805-07, men byrja ikkje å studere i København før i 1809 på grunn av krigshendingane. Han vart cand.theol hausten 1812 og var frå 2. april 1813 personleg kapellan hjå faren i Leikanger, frå 31. oktober 1814 residerande kapellan same stad.
Daae vart vald til valmann for Leikanger ved fleire høve, fyrst i samband med valet til riksforsamlinga våren 1814 der 28-åringen var den yngste av dei 42 valmennene. Seinare var han iallfall valmann både i valet hausten 1814 og valet i 1815.
Daae vart utnemnt til sokneprest til Trondenes 13. april 1823, men overtok aldri kallet. Han vart verande i Sogn då han 2. juni same året fekk sokneprestembetet i Lærdal som han hadde til han døydde.
Daae gifte seg 4.2.1813 med Elise Benedicte Petersen (1793-1875) frå København. Dei fekk desse borna som voks opp:
- Anders Daae (1814-1887), teolog
- Jonas Ravn Daae (1822-1892), offiser
- Anne Sophie Daae (f. 1824), ugift
- Christopher Frimann Daae (1825-1893), teolog
- Martha Daae (1826-1877), gift med Wilhelm Frimann Chrisie, kjøpmann i Kristiansund
- Ludvig Daae (f. 1829), røyrleggjar i Kristiania
- Elise Benedicte Daae (f. 1830), gift med sokneprest Hans Christian Nimb
- Johan Christopher Haar (1832-1871), handelsmann i Kistiansund
Litteratur
- Lampe, Johan Fredrik. (1896). Bergens stifts biskoper og præster efter reformationen. Biografiske efterretninger. (Bd. 2). Kristiania: Cammermeyer, s. 37-38. (Digital utgåve)