Ludvig Torbjørn Synnestvedt

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 10. feb. 2014 kl. 19:47 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Ny side: '''Ludvig Torbjørn Synnestvedt''' (fødd 1724 i Kvam (?), død 11. august 1799 i NorddalSunnmøre) var offiser. Han er eit døme på e...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Ludvig Torbjørn Synnestvedt (fødd 1724 i Kvam (?), død 11. august 1799 i NorddalSunnmøre) var offiser. Han er eit døme på ein bondeson som avanserte frå soldat og underoffiser til offisersgraad, og som såleis kom inn i dei kondisjonerte laga av befolkninga. Han hadde sjølv tre søner som også vart offiserar, og det er fleire etterkomarar også i etterfølgjande generasjonar i ætta som valde militære løpebaner. Også far til Ludvig Torbjørn Synnestvedt var også militær (underoffiser), så det er ikkje av vegen at Synnestvedt er blitt kalla ei «militærætt», nærmast eit offisersdynasti.

Familie

Faren Torbjørn Olsen (1688-1766) var ein yngre son på garden Sygnestveit i Ulvik i Hardanger. Han vart soldat og underoffiser (capitaine des armes) under elleveårskrigen 1709-1720, og seinare busett på Sandve i Kvam i Hordaland, der kanskje sonen Ludvig Torbjørn vart fødd. Mora har vi ikkje namnet på.

Ludvig Torbjørn Synnestvedt var gift to gonger. Fyrste kona var Johanne Karen Giesmann, dotter til ein kaptein. Dei fekk sønene Torbjørn Ludvig (1754-1829) og Otto Christian (1756-1830). Den siste var fødd i Os ved Bergen, der familien da truleg budde på det tidspunktet. Andre ekteskapet var med Anna Elisabeth Reutz. Dei fekk sonen Hans Jørgen (1777-1841). Alle dei tre nemnde sønene vart altså offiserar.

Karriere

Ludvig Torbjørn Synnestvedt vart sersjant ved 2. Bergenhusiske nasjonale infanteriregiment, same regimentet som faren tilhøyrde, i 1745. Han fekk offisersgrad, fenrik, frå 1761 og sekondløytnant året etter. Frå 1765 fekk han også stilling som sekondløytnant ved Gloppen og Nordre Nordfjords kompani av 1. Bergenhusiske regiment. Med ei ny hærordning frå 1769 vart han utnemnd til premierløytnant ved Nordre sunnmørske kompani av same regimentet. Han fekk kapteins grad frå 1783 og vart sjef for Gloppenske kompani i 1786. Han tok avskil med pensjon i 1788. Han døydde i 1799 på garden Relling i Norddal..