Ludvig Torbjørn Synnestvedt

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 11. feb. 2014 kl. 20:51 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Utbygging)
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Ludvig Torbjørn Torbjørnsen Synnestvedt (fødd 1724, død 11. august 1799 i NorddalSunnmøre) var offiser. Han er eit døme på ein bondeson som avanserte frå soldat og underoffiser til offisersgrad, og som såleis kom inn i dei kondisjonerte laga av befolkninga. Han hadde sjølv fire søner som også vart offiserar, og det er fleire også i etterfølgjande generasjonar som valde militære løpebaner. Også faren og eine broren til Ludvig Torbjørn Synnestvedt var militære (underoffiserar), så det er ikkje av vegen at slekta Synnestvedt er blitt kalla ei «militærætt», nærmast eit offisersdynasti.

Familiebakgrunn

Ludvig Torbjørn var son av Torbjørn Olsen (Synnestvedt) (1688-1766) og hans fyrste kone Johanne Henriksdotter Stub frå Kristiansand. Faren var yngre son frå garden Sygnestveit i Ulvik i Hardanger. Han vart soldat og underoffiser (capitaine des armes) under elleveårskrigen 1709-1720, og seinare busett på Sandve ved Norheimsund i Kvam. Hordaland. Der dreiv han gjestgiveri og ølhandel.[1]

Ludvig Torbjørn hadde to heilsysken, Olav (1720-1773) og Henrik (1728-?). Henrik var sersjant og budde på Lyssand i Os ved Bergen. Ei halvsyster frå farens andre ekteskap var Anna Barbara (1733-?) gift med Stig Olavsen Børve.

Ekteskap og born

Ludvig Torbjørn Synnestvedt var gift to gonger. Fyrste kona var Johanne Karen Giestmann, dotter til ein kaptein. Dei gifta seg i 1747 Dei fekk sønene Torbjørn Ludvig (1754-1829) og Otto Christian (1756-1830). Den siste var fødd i Os ved Bergen, der familien da truleg budde på det tidspunktet.

Ludvig Torbjørn Synnestvedts andre ekteskapet (1776) var med Anne Elisabeth Hansdotter Reutz frå Relling i Norddal. Dei fekk desse borna: Hans Jørgen (1777-1841), Cicilia Margrethe (178-1779), Cicilia Margrethe (1780-?) og Magnus Urbanus (1784-?). Alle fire sønene vart altså offiserar.

Karriere

Ludvig Torbjørn Synnestvedt vart sersjant ved 2. Bergenhusiske nasjonale infanteriregiment, same regimentet som faren tilhøyrde, i 1745. Han fekk offisersgrad, fenrik, frå 1761 og sekondløytnant året etter. Frå 1765 fekk han også stilling som sekondløytnant ved Gloppen og Nordre Nordfjords kompani av 1. Bergenhusiske regiment. Med ei ny hærordning frå 1769 vart han utnemnd til premierløytnant ved Nordre sunnmørske kompani av same regimentet. Han fekk kapteins grad frå 1783 og vart sjef for Gloppenske kompani i 1786. Han tok avskil med pensjon i 1788.

Han døydde i 1799 på garden Relling i Norddal.

Referansar

  1. Ulvik. Gards- og ættesoga, bd 1, 1987:280. Ættebok for Norddal, del II, 1997:597.

Kjelder og litteratur

  • Kolltveit, Olav: Granvik, Ulvik og Eidfjord i gamal og ny tid. Bygdesoga bd. I. 1977.
  • Ovenstad, Olai: Militærbiografier. Den norske hærs officerer fra 18. januar 1628 til 17. mai 1814. Bd II. Oslo 1949.