Møre Skofabrikk: Forskjell mellom sideversjoner
(Ny side: '''Møre Skofabrikk A/S''' vart etablert i Steinsvika i Dalsfjorden 8. mars 1918 av Johannes Kvangarsnes (1898-1980) og Benjamin Tverberg …) |
m (kategorisplitting) |
||
Linje 13: | Linje 13: | ||
[[Kategori: Skofabrikker]] | [[Kategori: Skofabrikker]] | ||
[[Kategori: | [[Kategori:Næringsliv]] | ||
[[Kategori:Volda kommune]] | |||
[[Kategori: Etableringer i 1918]] | [[Kategori: Etableringer i 1918]] | ||
[[Kategori: Opphør i 2002]] | [[Kategori: Opphør i 2002]] |
Sideversjonen fra 10. apr. 2013 kl. 09:16
Møre Skofabrikk A/S vart etablert i Steinsvika i Dalsfjorden 8. mars 1918 av Johannes Kvangarsnes (1898-1980) og Benjamin Tverberg (1898-1944). Dei arbeidde før på tønnefabrikken i Åmelfoten, men vart arbeidslause då den vart nedlagd. Dei fann da på å satse på sko, for det var det stor etterspurnad etter.
I 1930 hadde tjue personar arbeid på skofabrikken, og dei produserte 70-100 par sko kvar dag.
I 1956 vart det bygd ny og meir effektiv fabrikk. Her kunne kvar tilsett produsere 10-12 par sko kvar dag. I 1960-åra vart vernesko ei viktig produktgruppe.
Sist i 1960-åra fekk fabrikken gjennom medeigaren, grossist Stadum og Aamodt i Oslo, leverande på 150 000 par marsjstøvlar til Forsvaret til 51 kr pr par. Dette førte til at fabrikken måtte utvidast i 1978. Marsjstøvlane vart moteplagg i regionen, under nemninga «delsfjordingar».
I 1990-åra var det om lag 40 årverk ved fabrikken, men etter kvart gjekk det som med så mange andre slike fabrikker: kostnadene vart for høgre og produksjonen vart flytt ut av landet. Møre Skofabrikk A/S vart endeleg nedlagd i 2002.
Litteratur
- Andenes, Gunnar (2005): Indre Dalsfjord. I Busetnadssoga for Volda bd 1 s. 404-407.