MB «Fangstmann» M 54 VA: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
m (Lenka til side i merkeregister + busetnadssoge)
m (Tillegg)
Linje 7: Linje 7:
| type          = Klinkerbygd gavlbåt i tre
| type          = Klinkerbygd gavlbåt i tre
| byggeår      = 1930
| byggeår      = 1930
| bygger        = Rasmus Høydalsvik (1930 fem mogelege Rasmus frå to tun)
| bygger        = Rasmus H.Høydalsvik (Hans-Rasmus 1910 - 1963)
| sted          = Høydalen, Volda
| sted          = Høydalen, Volda
| mål          = 29,1 / 9,1 / 5,1 meterfot og tiendedeler derav
| mål          = 29,1 / 9,1 / 5,1 meterfot og tiendedeler derav
Linje 13: Linje 13:
| eier          = Andreas og Knut Årsetøy
| eier          = Andreas og Knut Årsetøy
}}
}}
<onlyinclude>'''[[MB «Fangstmann» M 54 VA]]''' eller «Størjefjord» er 12.09.1930 ført i lokal utgåve av fiskeriregisteret i Volda.  Bto. drektighet 4 tonn. Den er bygd i Høydalsvikane i Volda og er ein spisstemna, halvdekka gavlbåt av klinker type og bygd av furu i fylgje nedteikningane. Den hadde heile brukstida heimehamn på [[Årsetøya|Årsetøy]] i [[Austefjorden]] og eigarane er Andreas Elias J. Årsetøy f. 1902 og Knut Peder J. Årsetøy f.1904. Dei sjølvhjelpte karane har nok mest truleg teke materialen (båteveden) sjølve i Årsetmarka og leigt seg sag å skjære den på. Saman med broren Ole Britanus (i dagleg tale kalla Ola)  Årsetøy f. 1892 er dei ivrig med på bygginga. Knut Årsetøy har seinare sagt at det var Rasmus Høydalsvik som var båtbyggar. I ettertid ser ein i Busetnadssoga for Volda, band III s. 91 - 96, at det i Vikane (Høydalsvik bruk 79/1 og 4) var fem Rasmus med same etternamn som kunne gjere jobben: Rasmus Kornelius J. Høydalsvik (1845 - 1936) bruk 1 og 4. Rasmus Høydalsvik (1849 - 1933) bruk 1. Rasmus Høydalsvik (1909 - 1955) bruk 1. Rasmus Høydalsvik (1910 - 1963) bruk 1. Rasmus J. Høydalsvik (1910 - 2005) bruk 4. Frå om lag 1940 [[L/L Vik Båtbyggeri]]. {{thumb|Fangstmann til venstre AMUn-2027 0022.jpg|Fangstmann til venstre}} Knut fortalde og at båteigarane ville ha ein heva kjøl og litt framoverliggande stamn, båtebyggjaren heldt på heil kjøl med stamn i 90 graders vinkel på. Slik vart det.
<onlyinclude>'''[[MB «Fangstmann» M 54 VA]]''' eller «Størjefjord» er 12.09.1930 ført i lokal utgåve av fiskeriregisteret i Volda.  Bto. drektighet 4 tonn. Den er bygd i Høydalsvikane i Volda og er ein spisstemna, halvdekka gavlbåt av klinker type og bygd av furu i fylgje nedteikningane. Den hadde heile brukstida heimehamn på [[Årsetøya|Årsetøy]] i [[Austefjorden]] og eigarane er Andreas Elias J. Årsetøy f. 1902 og Knut Peder J. Årsetøy f.1904. Dei sjølvhjelpte karane har nok mest truleg teke materialen (båteveden) sjølve i Årsetmarka og leigt seg sag å skjære den på. Saman med broren Ole Britanus (i dagleg tale kalla Ola)  Årsetøy f. 1892 er dei ivrig med på bygginga. Knut Årsetøy har seinare sagt at det var Rasmus Høydalsvik som var båtbyggar. I ettertid ser ein i Busetnadssoga for Volda, band III s. 91 - 96, at det i Vikane (Høydalsvik bruk 79/1 og 4) var fem Rasmus med same etternamn som kunne gjere jobben: Rasmus Kornelius J. Høydalsvik (1845 - 1936) bruk 1 og 4. Rasmus Høydalsvik (1849 - 1933) bruk 1. Rasmus Høydalsvik (1909 - 1955) bruk 1. Rasmus Høydalsvik (1910 - 1963) bruk 1. Rasmus J. Høydalsvik (1910 - 2005) bruk 4. Frå om lag 1940 [[L/L Vik Båtbyggeri]]. I 2012 vart Håkon Høydalsvik spurd om dette og han hugsar at det var Rasmus H. Høydalsvik (Hans-Rasmus 1910 - 1963) som var båtbyggjar med faren Hans Kornelius f. 1885 som medhjelpar (eller opplæringsansvarleg). MB «Fangstmann» vart bygd i eit naust i Vike-fjøra og var så stor at den rakk godt ut om enden på naustet.{{thumb|Fangstmann til venstre AMUn-2027 0022.jpg|Fangstmann til høgre}} Knut fortalde og at båteigarane ville ha ein heva kjøl og litt framoverliggande stamn, båtebyggjaren heldt på heil kjøl med stamn i 90 graders vinkel på. Slik vart det.


Motoren er i fylgje fiskeriregisteret ein Hjelset på 8 HK frå 1920. I fylgje dagens eigar (2011) har det heile tida stått ei Helset-motor. Ola Årsetøy arbeidde på denne tid som montør og reparatør for motorar på [[Volda Mekaniske Verkstad]] og har plukka ut ein god brukt motor når småbrødrene har sett seg føre å bygge kombinasjonsbåt.  
Motoren er i fylgje fiskeriregisteret ein Hjelset på 8 HK frå 1920. I fylgje dagens eigar (2011) har det heile tida stått ei Helset-motor. Ola Årsetøy arbeidde på denne tid som montør og reparatør for motorar på [[Volda Mekaniske Verkstad]] og har plukka ut ein god brukt motor når småbrødrene har sett seg føre å bygge kombinasjonsbåt.  
Linje 59: Linje 59:
*Arne Rekkedal
*Arne Rekkedal
*Aarset, Hans f. 1936  
*Aarset, Hans f. 1936  
*[[Bruker: Magnar Høydal]] f. 1937
*Høydalsvik, Håkon f. 1922
*[[Bruker: Oddvar Høydalsvik|Høydalsvik, Oddvar E.]] f. 1951
*[[Bruker: Oddvar Høydalsvik|Høydalsvik, Oddvar E.]] f. 1951



Sideversjonen fra 25. apr. 2012 kl. 21:29

MB «Fangstmann»
Reg.nr.: M 54 VA
Type: Klinkerbygd gavlbåt i tre
Byggeår: 1930
Båtbygger: Rasmus H.Høydalsvik (Hans-Rasmus 1910 - 1963)
Sted: Høydalen, Volda
Mål: 29,1 / 9,1 / 5,1 meterfot og tiendedeler derav
Motor: «Helset» 8 HK 2-takt semidiesel-motor
Eier: Andreas og Knut Årsetøy

MB «Fangstmann» M 54 VA eller «Størjefjord» er 12.09.1930 ført i lokal utgåve av fiskeriregisteret i Volda. Bto. drektighet 4 tonn. Den er bygd i Høydalsvikane i Volda og er ein spisstemna, halvdekka gavlbåt av klinker type og bygd av furu i fylgje nedteikningane. Den hadde heile brukstida heimehamn på Årsetøy i Austefjorden og eigarane er Andreas Elias J. Årsetøy f. 1902 og Knut Peder J. Årsetøy f.1904. Dei sjølvhjelpte karane har nok mest truleg teke materialen (båteveden) sjølve i Årsetmarka og leigt seg sag å skjære den på. Saman med broren Ole Britanus (i dagleg tale kalla Ola) Årsetøy f. 1892 er dei ivrig med på bygginga. Knut Årsetøy har seinare sagt at det var Rasmus Høydalsvik som var båtbyggar. I ettertid ser ein i Busetnadssoga for Volda, band III s. 91 - 96, at det i Vikane (Høydalsvik bruk 79/1 og 4) var fem Rasmus med same etternamn som kunne gjere jobben: Rasmus Kornelius J. Høydalsvik (1845 - 1936) bruk 1 og 4. Rasmus Høydalsvik (1849 - 1933) bruk 1. Rasmus Høydalsvik (1909 - 1955) bruk 1. Rasmus Høydalsvik (1910 - 1963) bruk 1. Rasmus J. Høydalsvik (1910 - 2005) bruk 4. Frå om lag 1940 L/L Vik Båtbyggeri. I 2012 vart Håkon Høydalsvik spurd om dette og han hugsar at det var Rasmus H. Høydalsvik (Hans-Rasmus 1910 - 1963) som var båtbyggjar med faren Hans Kornelius f. 1885 som medhjelpar (eller opplæringsansvarleg). MB «Fangstmann» vart bygd i eit naust i Vike-fjøra og var så stor at den rakk godt ut om enden på naustet.

Fangstmann til høgre

Knut fortalde og at båteigarane ville ha ein heva kjøl og litt framoverliggande stamn, båtebyggjaren heldt på heil kjøl med stamn i 90 graders vinkel på. Slik vart det.

Motoren er i fylgje fiskeriregisteret ein Hjelset på 8 HK frå 1920. I fylgje dagens eigar (2011) har det heile tida stått ei Helset-motor. Ola Årsetøy arbeidde på denne tid som montør og reparatør for motorar på Volda Mekaniske Verkstad og har plukka ut ein god brukt motor når småbrødrene har sett seg føre å bygge kombinasjonsbåt.

Motoren er nemnd fleire gonger i reparasjonsnotata til Ola der han har eksperimentert seg fram til ”meir hest” (auka effekt) både på denne og øyabåten MB «Trygve» M 18 VA som han eigde mykje av frå han var ung til han døde.

”Størjefjord” er berekna og registrert til fiske og fangst i fjord og ved kyst og er elles godt eigna til skyssbåt.

At båten heitte ”Fangstmann” var det truleg få som hadde fått med seg. Den var kjend som ”Størjefjord”.

Jakt på størje hadde nok gått i blodet på øyakarane for frå dei var små hadde det gått i størjejakt når høvet baud seg. På øya var størjetårn med utsiktsplattform og flaggstang på toppen. Frå denne følgde dei med kva som rørde seg på fjorden. Såg dei likt til fisk eller størje dei ville prøve seg på gjekk dei i båt.

På ”Størjefjord” vart montert ei kanon som Ola hadde laga på Volda Mekaniske Verkstad. Løysinga var tidlegare prøvd ut på MB ”Færdig” M 60 VA, kjend som ”Øyaormen”, her med oppbygging/stillas framme for størjekanona og med gangveg til rorhuset bak i båten.

”Størjefjord” fekk overbygg ut frå tidlegare eksperimentering. Rorhus heilt framme. Frå bakveggen på rorhuset og litt lavare er tak over heile båten med innreidd salong bak rorhuset, så motorrom og bak ein arbeidsplass utan sideveggar for bruk av snøre, line og garn. Den bakarste delen av taket kom på plass etter ei tids bruk med bakgrunn i soting frå motoren. Alt arbeid på båten føregjekk til slutt under tak med eit unntak, størjejakt.

Dermed vart det jakta størje med Knut i rorhuset og Andreas på taket ved den heimelaga størjekanona. Kommunikasjonen føregjekk gjennom ope rorhusglas som oftast og var gangvegen til og frå taket. Frå om lag 1946 hadde dei og utkiksmaster med stige på det romslege taket. Bak på gavlen var to davitar for å ta opp lettbåten.

”Størjefjord” var brukt ein god del til frakt av folk og varer, noko den var godt eigna for grunna ”fin salong” og uteplass under tak.

Som dei fleste av desse ”gavlane” med ”fyringsmotor” gjekk ”Størjefjord” ut av bruk ein gong mellom 1955 og 1960 og vart vidare ståande i naustet på Årsetøya. Det var slutt på størja og til bruk på ”heimesjøen” brukte øyakarane ”Øyaormen” og robåtar som var enklare å handtere ved land. ”Størjefjord” står framleis i naustet på Årsetøya, no med nye eigarar. Dette får vi kome tilbake til.


"Øyakarane" med etternamn Årsetøy treng ei forklaring:

Knut f. 1904 hadde smie/mekanisk verkstad med treverkstad på loftet på Øyakaia. Her på kaia vart mykje av vedlikehald og nykonstruksjonar på båtane i fjorden og ein del for landbruket til opp gjenom åra.

Andreas f.1902 var "husmor". Han var veldig flittig og vitelysten og er opphav til Årsetøysamlingane i Austefjord Museum.

Andreas og Knut eigde Årsetøya frå 1955.

Ola f. 1892 (Bulder-Ola) arbeidde på Volda Mekaniske Verkstad som smed, mekanikar og medarbeidar i produksjon av Volda-motoren. Han var oftast "heime" hos brødrene sine i helgane.

Samspelet mellom desse tre førte til praktiske løysingar på mange ting opp gjenom åra.

Kjelder

Informantar