MB «Timann» M 46 VA: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
m (Så gjekk transkludering til Holsvik notlag)
m (Tok vekk dobling av bilete)
Linje 1: Linje 1:
<onlyinclude>{{thumb|MB «Timann» M 46 VA a.jpg|MB «Timann» a}}{{thumb|MB «Holsvik-loddebåten» M 46 VA b.jpg|MB «Holsvik-loddebåten»}}{{thumb|MB «Rolf» M 10 VA b.jpg|MB «Rolf»}}{{thumb|MB «Rolf» M 10 VA a.jpg|MB «Rolf»}}{{thumb|MB «Timann» M 46 VA a.jpg|MB «Timann» a}}
<onlyinclude>{{thumb|MB «Timann» M 46 VA a.jpg|MB «Timann» a}}{{thumb|MB «Holsvik-loddebåten» M 46 VA b.jpg|MB «Holsvik-loddebåten»}}{{thumb|MB «Rolf» M 10 VA b.jpg|MB «Rolf»}}{{thumb|MB «Rolf» M 10 VA a.jpg|MB «Rolf»}}'''[[MB «Timann» M 46 VA|MB «Wichmann»]] H 128 AM''', frå 1946 '''[[MB «Timann» M 46 VA]]''' eller «Holmegrisen» M 46 VA var i flg. Register over merkepliktige norske fiskefarkostar 1948 s. 455/745 bygd i 1921 og er før 1948 overført til Volda. Eigar i Austrheim var Andreas Olsen, Fonnes. Den er i Austrheim oppgitt med desse måla: L/B/D: 28,0/9,0/4,5. Motoren er ein 5 HK Wichmann. Same opplysingar i same register s. 390 i 1936.
'''[[MB «Timann» M 46 VA|MB «Wichmann»]] H 128 AM''', frå 1946 '''[[MB «Timann» M 46 VA]]''' eller «Holmegrisen» M 46 VA var i flg. Register over merkepliktige norske fiskefarkostar 1948 s. 455/745 bygd i 1921 og er før 1948 er overført til Volda. Eigar i Austrheim var Andreas Olsen, Fonnes. Den er i Austrheim oppgitt med desse måla: L/B/D: 28,0/9,0/4,5. Motoren er ein 5 HK Wichmann. Same opplysingar i same register s. 390 i 1936.
</onlyinclude>
</onlyinclude>
<onlyinclude>Ved leiting bakover i fiskeriregisteret blir den førebels borte. Kanskje nokon som kjenner att historia kan skrive vidare på dei føregåande åra tilbake til 1921. Det var mange endringar som aldri vart innført i fiskeriregisteret, så her kan det bli eit fullstendig båtstykke med tida.
<onlyinclude>Ved leiting bakover i fiskeriregisteret blir den førebels borte. Kanskje nokon som kjenner att historia kan skrive vidare på dei føregåande åra tilbake til 1921. Det var mange endringar som aldri vart innført i fiskeriregisteret, så her kan det bli eit fullstendig båtstykke med tida.


[[Holsvik notlag]], [[Austefjorden (Volda)|Austefjorden]] i [[Volda]] må ha kjøpt båten etter notsesongen i 1946. Truleg seinast i august eller september. Den felles hukommelsen i ettertid fortel at MB «Timann» var kjøpt «synnja i Stadt» (sør om Stadt) slik mange av dei brukte samtidige «gavlane» (gavlbåtane) til notbruk. Den er registrert i handskrive fiskeriregister for Volda 12. november 1946 med desse lengde/breidde/djupne-måla i norske fot og tiendedeler derav; 33,8/10,7/4,8, byggeår ukjent og motor «Union» 1934, 15 HK. </onlyinclude>
[[Holsvik notlag]], [[Austefjorden (Volda)|Austefjorden]] i [[Volda]] må ha kjøpt båten etter notsesongen i 1946. Truleg seinast i august eller september. Den felles hukommelsen i ettertid fortel at MB «Timann» var kjøpt «synnja i Stadt» (sør om Stadt) slik mange av dei brukte samtidige «gavlane» (gavlbåtane) til notbruk. Den er registrert i handskrive fiskeriregister for Volda 12. november 1946 med desse lengde/breidde/djupne-måla i norske fot og tiendedeler derav; 33,8/10,7/4,8, byggeår ukjent og motor «Union» 1934, 15 HK.


På tur rundt Stadt på nordtur i ruskever hausten 1946 reiv lagra på motoren seg grunna for lite tilførsel av olje frå veiksmurninga. Harald Botn og Lars Holsvik kom seg så vidt velberga til land på nordsida og fekk slep til [[Volda Mekaniske Verkstad]] for reparasjon.
På tur rundt Stadt på nordtur i ruskever hausten 1946 </onlyinclude>reiv lagra på motoren seg grunna for lite tilførsel av olje frå veiksmurninga. Harald Botn og Lars Holsvik kom seg så vidt velberga til land på nordsida og fekk slep til [[Volda Mekaniske Verkstad]] for reparasjon.


MB «Wichmann/Timann» har vakse med nokre fot og fått annan motor på eit eller anna tidspunkt. Den er sikkert forlengd i Austrheim, for det hugsar ikkje Austefjordingane. Motoren, tja, eit godt forslag er at den reparasjonen som blir hugsa etter nestenhavari på nordtur hausten 1946 vart til eit motorbyte til brukt større motor ved Volda Mekaniske Verkstad.  
MB «Wichmann/Timann» har vakse med nokre fot og fått annan motor på eit eller anna tidspunkt. Den er sikkert forlengd i Austrheim, for det hugsar ikkje Austefjordingane. Motoren, tja, eit godt forslag er at den reparasjonen som blir hugsa etter nestenhavari på nordtur hausten 1946 vart til eit motorbyte til brukt større motor ved Volda Mekaniske Verkstad.  

Sideversjonen fra 10. apr. 2012 kl. 09:47

MB «Timann» a
MB «Holsvik-loddebåten»
MB «Rolf»
MB «Rolf»

MB «Wichmann» H 128 AM, frå 1946 MB «Timann» M 46 VA eller «Holmegrisen» M 46 VA var i flg. Register over merkepliktige norske fiskefarkostar 1948 s. 455/745 bygd i 1921 og er før 1948 overført til Volda. Eigar i Austrheim var Andreas Olsen, Fonnes. Den er i Austrheim oppgitt med desse måla: L/B/D: 28,0/9,0/4,5. Motoren er ein 5 HK Wichmann. Same opplysingar i same register s. 390 i 1936.

Ved leiting bakover i fiskeriregisteret blir den førebels borte. Kanskje nokon som kjenner att historia kan skrive vidare på dei føregåande åra tilbake til 1921. Det var mange endringar som aldri vart innført i fiskeriregisteret, så her kan det bli eit fullstendig båtstykke med tida.

Holsvik notlag, Austefjorden i Volda må ha kjøpt båten etter notsesongen i 1946. Truleg seinast i august eller september. Den felles hukommelsen i ettertid fortel at MB «Timann» var kjøpt «synnja i Stadt» (sør om Stadt) slik mange av dei brukte samtidige «gavlane» (gavlbåtane) til notbruk. Den er registrert i handskrive fiskeriregister for Volda 12. november 1946 med desse lengde/breidde/djupne-måla i norske fot og tiendedeler derav; 33,8/10,7/4,8, byggeår ukjent og motor «Union» 1934, 15 HK.

På tur rundt Stadt på nordtur i ruskever hausten 1946 reiv lagra på motoren seg grunna for lite tilførsel av olje frå veiksmurninga. Harald Botn og Lars Holsvik kom seg så vidt velberga til land på nordsida og fekk slep til Volda Mekaniske Verkstad for reparasjon.

MB «Wichmann/Timann» har vakse med nokre fot og fått annan motor på eit eller anna tidspunkt. Den er sikkert forlengd i Austrheim, for det hugsar ikkje Austefjordingane. Motoren, tja, eit godt forslag er at den reparasjonen som blir hugsa etter nestenhavari på nordtur hausten 1946 vart til eit motorbyte til brukt større motor ved Volda Mekaniske Verkstad.

Ved kjøp til Holsvik notlag hadde båten smal og liten lugar med full høgde i breidd med rorhuset, seinare utvida til full høgde i båtbreidd. Der vart fire køyer i lugaren og ei bak motoren i motorromet. Her overnatta ti mann i båten når dei var på fiske, den som låg inst i køya i motorromet sleit med å få luft og ville stadig vekk kovne.

Senastrekk og grauttjukk luft var årsak til at få eller ingen fekk den søvnen dei trengde. Så lenge dei brukte landnot flaut dei nokolunde forsvarleg, men med den nye snurpenota (rundt 1950, ingen hugsar sikkert) vart der så lite fribord at få torde å late att augene når dei skulle sove. Det vart romslegare og tryggare når notlaget forstod at ved bruk av snurpenot måtte ein ha større båt.

Ved bruk av leigd båt til snurpa («Bror I») og etter at «Rolf» vart kjøpt, vart MB «Timann» brukt til slepar/hjelpar.

MB «Timann» vart seld til Karl K. Ulstein m.fl., Ulsteinvik. Fyrste gong, Ulsteinvik i fiskeriregister 1966, M 91 U. Mg, (motorgavl, tydelegvis ommålt) 33,7/10,6/4,7. Motor: «Union», 1932, 15 HK. Siste reg. Ulsteinvik, 1968. Då «Timann» ikkje vart brukt meir vart den dregen fram i fjøra og brend.

Kjelder

Informantar

  • Botn, Rolf f. 1934
  • Holsvik, Hallgeir f.1954
  • Høydalsvik, Oddvar E. f. 1951
  • Høydalsvik, Ragnar E. f. 1948
  • Løfoll, Sigurd f. 1933
  • Sandnes, Rasmus f. 1930
  • Skare, Ivar f. 1939
  • Åslid, Einar f. 1943