MB «Timann» M 46 VA

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
MB «Timann» a

MB «Timann» eller Holmegrisen: M 46 VA, eigd av Holsvik notlag, Austefjorden i Volda. 33,8/12,0/5,5 fot, fyrste gong fiskeriregister for Volda 1948, ukjent byggeår, motor «Union» 1934, 15 HK. «Timann» var kjøpt «synnja i Stadt» (sør om Stadt) slik mange av dei brukte samtidige «gavlane» (gavlbåtane) til notbruk. På tur rundt Stadt på nordtur i skikkeleg ruskever reiv lagra på motoren seg grunna for lite tilførsel av olje. Dei berga seg så vidt til land på nordsida og fekk slep til Volda Mekaniske Verkstad for reparasjon.

Ved kjøp hadde båten smal og liten lugar med full høgde i breidd med rorhuset, seinare utvida til full høgde i båtbreidd. Der var fire køyer i lugaren og ei bak maskina i maskinromet. Her overnatta ti mann i båten når dei var på fiske, den som låg inst i køya i maskinromet sleit med å få luft og ville stadig vekk kovne.

Senastrekk og grauttjukk luft var årsak til at få eller ingen fekk den søvnen dei trengde. I tillegg var der så lite fribord med snurpenota inne at få torde å late att augene av den grunn òg. Det vart romslegare ved kjøp av ein båt til.

Brukt til «Storenota» (landnot), seinare til snurpenota då denne vart laga, truleg eit år, men vart for liten.

Ved bruk av leigd båt til snurpa («Bror I») og etter at «Rolf» vart kjøpt, brukt til slepar/hjelpar.

«Timann» vart seld til Karl K. Ulstein m.fl., Ulsteinvik. Fyrste gong, Ulsteinvik i fiskeriregister 1966, M 91 U. Mg, (motorgavl, tydelegvis ommålt) 33,7/10,6/4,7. Motor: Union, 1932, 15 HK. Siste reg. Ulsteinvik, 1968. Då «Timann» ikkje vart brukt meir vart den dregen fram i fjøra og brend.

Bilde frå Holsvik notlag


Kjelder og informantar:

  • Austefjord Museum/Fiskebåtregisteret
  • Heimbygda i min barndom, av Jakob Gjersdal
  • Botn, Rolf f. 1934
  • Holsvik, Hallgeir f.1954
  • Høydalsvik, Ragnar E. f. 1948
  • Løfoll, Sigurd f. 1933
  • Sandnes, Rasmus f. 1930
  • Skare, Ivar f. 1939
  • Åslid, Einar f. 1943