Magasinvakta

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 30. jun. 2010 kl. 07:00 av Arnfinn Kjelland (samtale | bidrag) (Ny side: '''Magasinvakta''' er nemninga på ei militær avdeling som var oppsett for å halde vakt over dei militære magasina i Trondheim vinteren 1940. Kjeldene er litt usamde om kor mange man…)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Magasinvakta er nemninga på ei militær avdeling som var oppsett for å halde vakt over dei militære magasina i Trondheim vinteren 1940. Kjeldene er litt usamde om kor mange mann det var[1]. Mannskapa held vakt på fleire depot og militære stabar i byen, i turnusar på 24 eller 30 dagar. Vakta gjekk på omgang mellom dei tre regimenta i 5. divisjon, IR 11, IR 12 og IR 13.

Da tyskarane gjekk til angrep på Noreg 9. april tok den styrken som skulle ta Trondheim seg forbi Agdenes festning og Hysnes fort ute i Trondheimsfjorden og inn til hamna i byen kl 0500 om morgonen. Tyske soldatar marsjerte inn i byen, sette ut vaktar og slo opp plakatar om at dei kom med fredelege hensikter.

På eit kjent bilde frå denne dagen står ein norsk soldat, Jakob E. Kalvatn frå Austefjorden i Volda vakt saman med ein tysk soldat og begge har våpen.

Seinare på dagen vart soldatane avvæpna og internerte på hotellet Trønderheimen, men dei vart ikkje hindra i å bevege seg. 11. april gjekk 24 av dei, tilhøyrande Møre infanteriregiment nr 11, på toget sørover til Dombås. Der vart dei dagen etter sett under kommando av løytnant Anders Øverås frå Vestnes og opererte deretter som ei samla avdeling.

På Dombås vart styrken involvert i kampane mot dei tyske fallskjermjegrane søndag 14. – fredag 19. april. Om ettermiddagen 15. april vart dei beordra til å følgje statsråd Anders Frihagen sørover mot Otta, men kom i kamp med tyskarane nedafor Dombås og to mann falt.

Kjelder

  • Munthe-Kaas, O. 1955: Krigen i Norge 1940. Bind II. Operasjonene gjennom Romerike-Hedemarken-Gudbrandsdalen-Romsdalen. Utgitt ved den krigshistoriske avdeling. Gyldendal Norsk Forlag, s. 16,
  • Årflot, Odd 1985: Soldat, april 1940. Samlaget, s. 32-34,

Referanser

  1. Årflot oppgir 36, Munthe-Kaas 24.