Magna Aal: Forskjell mellom sideversjoner
({{nn}}) |
m (Robot: Endrer mal: Thumb høyre) |
||
Linje 1: | Linje 1: | ||
{{ | {{Thumb|Magna Aal.jpg|Lærarinne Magna Aal.|''[[Norske skolefolk]]'' (1934)}} | ||
'''[[Magna Aal]]''' (fødd ''Dillan'' 23. januar 1885 i [[Verdal]], død 27. oktober 1959) var lærarinne i [[Kvam (Nord-Trøndelag)|Øvre Kvam]], [[Nord-Trøndelag]] | '''[[Magna Aal]]''' (fødd ''Dillan'' 23. januar 1885 i [[Verdal]], død 27. oktober 1959) var lærarinne i [[Kvam (Nord-Trøndelag)|Øvre Kvam]], [[Nord-Trøndelag]] | ||
Nåværende revisjon fra 4. mar. 2024 kl. 15:32
Magna Aal (fødd Dillan 23. januar 1885 i Verdal, død 27. oktober 1959) var lærarinne i Øvre Kvam, Nord-Trøndelag
Ho var dotter av Martha f. Hjelde (1856-?) og lærar/kyrkjesonger Mikael Dillan (1848-?). Magna Dillan gjekk fyrst Vårtun hagebruksskule i Steinkjer (1904) og tok deretter eksamen ved Holmestrand lærerskole (1908).
Som nyutdanna var ho vinteren 1908-09 vikar i Vuku og Hegra, og hausten 1909 vart ho tilsett som lærarinne i krinsane Noem og Rygg, Kvam i noverande Steinkjer kommune. I 1915 fekk Magna Aal stipend til eit teiknekurs på Volda lærarskule.
Ho vart gift med sersjant Nils Magnus Aal (1873-1940), son av bonde Erik Aal og Sofie. Magna og mannen fekk to søner.
Magna og Nils Magnus Aal er gravlagde på Kvam kyrkjegard. På både gravminnet og i folketeljinga for 1910 er fødselsåret 1886 oppgjeve, medan det står 1885 i andre kjelder, mellom anna dåpsregisteret i kyrkjeboka. Derfor er truleg 1885 det rette.
Kilder og litteratur
- DIS-Norge: Gravminner i Norge (id. 3537669), med bilete av gravminnet.
- Klokkerbok for Vuku sokn i Verdal 1879-1898: Fødte og døpte 1885
- Magna Mikaelsdatter i folketelling 1900 for Verdal herred fra Digitalarkivet
- Magna Dillan i folketelling 1910 for Kvam herred fra Digitalarkivet
- Espeland, Arne: Norske skolefolk (første utgave), Dreyer forlag, Stavanger 1934. Digital versjon på Nettbiblioteket.