Matrikkelgardar i Audnedal kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Matrikkelgardar i Audnedal kommune er ei oversikt over matrikkelgardane i Audnedal kommune i Vest-Agder.

Lista er i først omgang basert på matrikkelen 1886 og matrikkelutkastet av 1950. I desse kjeldene var det ikkje noko som heitte Audnedal kommune. Vi har difor tatt med informasjon om kva for kommune gardane tilhøyrde før opprettinga av Audnedal i 1964: Konsmo, Grindheim eller Bjelland. Gardsnummeret frå den tidlegare kommunen er òg med; for Konsmo sin del er det same nummer.

Talet på bruksnummer i dei to matrikkelåra er med. For 1886-matrikkelen sin del er dette i stor grad samanfallande med talet på faktiske gardsbruk, medan husmannsplassar enno ikkje var matrikulerte. Auka fram til 1950 er i stor grad desse plassane som vert matrikulert som småbruk, og utskilde bustadseigedomar. Talet fortel såleis ikkje alltid så mykje om oppdeling av garden – mange av dei nye bruka var der allereie i 1886, men utan eige bruksnummer – men ein kan mellom anna ofte sjå kor det vart skild ut mange bustadseigedomar.

Gardsnamna er ført opp etter 1950-utkastet, og kan avvike frå dagens namn. Dette vert retta etter kvart som artiklar om dei einskilde gardane kjem på plass. Alle lenkjer går til artikkel om heile matrikkelgarden, og frå denne vil det kome lenkjer til artikler om einskilde bruk.

Gnr. Navn Bruk 1886 Bruk 1950 Tidl. kommune og gnr.
1 Iveland 12 Konsmo 1
2 Røinesdal 4 Konsmo 2
3 Gunleifstøl 2 Konsmo 3
4 Hellestøl 1 Konsmo 4
5 Hellevand 3 Konsmo 5
6 Undeland 3 Konsmo 6
7 Øvre Eikeland 4 Konsmo 7
8 Koveland 4 Konsmo 8
9 Åbestad 6 Konsmo 9
10 Røiseland 2 Konsmo 10
11 Skofteland 2 Konsmo 11
12 Barstad 4 Konsmo 12
13 Nepstad 15 Konsmo 13
14 Østre Eikebø 3 Konsmo 14
15 Augland 1 Konsmo 15
16 Vestre Hægeland 10 Konsmo 16
17 Vrålstad 12 Konsmo 17
18 Åsan 2 Konsmo 18
19 Risdal 1 Konsmo 19
20 Vestre Eikebø 1 Konsmo 20
21 Brastad 10 Konsmo 21
22 Ytre Eikeland 4 Konsmo 22
23 Indre Skår 4 Konsmo 23
24 Ytre Skår 3 Konsmo 24
25 Geislefoss 10 Konsmo 25
26 Vivlemo 39 Konsmo 26
27 Skarpe-Seland 9 Konsmo 27
28 Konsmo 63 Konsmo 28
29 Helle 90 Konsmo 29
30 Øydnesklev 23 Konsmo 30
31 Langneset 1 Konsmo 31
32 Valand 9 Konsmo 32
33 Røisen 3 Konsmo 33
34 Strisland 7 Konsmo 34
35 Kvelland 3 Konsmo 35
36 Bigkjøn 2 Konsmo 36
37 Hunsdal 8 Konsmo 37
38 Espeland 10 Konsmo 38
39 Skarstad 7 Konsmo 39
40 Høiland 14 Konsmo 40
41 Birkeland 16 Konsmo 41
42 Havre-Seland 3 Konsmo 42
43 Fidland 6 Konsmo 43
44 Stavedalen 6 Konsmo 44
45 Håland 4 Konsmo 45
46 Listad 5 Konsmo 46
47 Bymyrdalen 1 Konsmo 47
48 Mandal reguleringsrett 1 Konsmo 48
49 Høiland 11 Grindheim 1
50 Ytre Øidne 16 Grindheim 2
51 Øvre Øidne 41 Grindheim 3
52 Ås 18 Grindheim 4
53 Løland 2 Grindheim 5
54 Skåt 3 Grindheim 6
55 Reppåsen 5 Grindheim 7
56 Botnan 3 Grindheim 8
57 Vårdal 14 Grindheim 9
58 Byremo 26 Grindheim 10
59 Hårtveit 20 Grindheim 11
60 Øiheien 4 Grindheim 12
61 Refnes 5 Grindheim 13
62 Ytre Grindheim 7 Grindheim 14
63 Øvre Grindheim 12 Grindheim 15
64 Skår 1 Grindheim 16
65 Vasbotnen 4 Grindheim 17
66 Bronnesdal 3 Grindheim 18
67 Nedre Flottorp 4 Grindheim 19
68 Øvre Flottorp 14 Grindheim 20
69 Håland 14 Grindheim 21
70 Vestre Sveindal 15 Grindheim 22
71 Østre Sveindal 16 Grindheim 23
72 Butveit 8 Grindheim 24
73 Kollungtveit 7 Grindheim 25
74 Smedsland 9 Grindheim 26
75 Seland 15 Grindheim 27
76 Leland 7 Grindheim 28
77 Utbostad 9 Grindheim 29
78 Øvre Ågedal 11 Grindheim 30
79 Rudlend 1 Grindheim 31
80 Dalan 2 Grindheim 32
81 Øvre Åsen 2 Grindheim 33
82 Vestre Åsen 2 Grindheim 34
83 Nåstad 3 Bjelland 38
84 Midbø 3 Bjelland 39
85 Kisland 2 Bjelland 40
86 Solbjør 6 Bjelland 41
87 Ytre Ågedal 35 Bjelland 35
88 Ågedalstranden 9 Bjelland 36
89 Lindland 9 Bjelland 37
90 Langåsen 1 Bjelland 42
91 Rosseland 15 Bjelland 43

Litteratur og kjelder