Midt-Telemark: Forskjell mellom sideversjoner
m (Teksterstatting – «[[kategori:» til «[[Kategori:») |
m (Teksterstatting – «Kategori:Telemark» til «Kategori:Telemark fylke») |
||
(Én mellomliggende revisjon av samme bruker vises ikke) | |||
Linje 9: | Linje 9: | ||
* {{WP-lenke|Midt-Telemark|nb}}. | * {{WP-lenke|Midt-Telemark|nb}}. | ||
[[Kategori: | |||
[[Kategori:Telemark fylke]] | |||
[[Kategori:Distrikt]] | [[Kategori:Distrikt]] | ||
{{nn}} | {{nn}} |
Nåværende revisjon fra 1. jan. 2024 kl. 10:10
Midt-Telemark er eit distrikt i Telemark fylke. Fram til 2020 rekna ein kommunane Bø kommune, Sauherad og Nome med til Midt-Telemark. I 2020 slo Bø og Sauherad seg saman under namnet Midt-Telemark kommune. Nome vart ståande utafor, og om dei ikkje seinare vert med på samanslåinga vert det truleg lite aktuelt å halde fram med Midt-Telemark som namn på eit distrikt.
Tidlegare vart dette området kalla Grenland, men det namnet har flytta seg sørover til dagens Grenland.
Midt-Telemarkrådet er regionråd for området, som òg utgjer næringsregion Midt-Telemark. Det ligg i Øvre Telemark prosti i Den norske kyrkja. Som rettsområde er distriktet delt; Bø og Sauherad høyrar til Aust-Telemark tingrett, medan Nome ligg under Nedre Telemark tingrett; både rettskrinsar er under Agder lagdøme.