Mons H. Takle

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 19. jan. 2012 kl. 08:38 av Oddloho (samtale | bidrag) (Ny side: '''Mons H. Takle''' (fødd 7. mars 1877 i Brekke, død 18. juli 1958 i Askøy) var lærar og kyrkjesongar. Han var son av gardbrukar Hans Monsson Takle og Brita Monsdotter og br...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Mons H. Takle (fødd 7. mars 1877 i Brekke, død 18. juli 1958 i Askøy) var lærar og kyrkjesongar. Han var son av gardbrukar Hans Monsson Takle og Brita Monsdotter og bror til læraren Magnus Takle.

Mons Takle tok lærareksamen på Stord lærarskule i 1898 og var lærar i Jostedalen frå 1899 til 1903. Deretter var han lærar i Lindås fram til 1917, i framhaldsskulen i tre år og andrelærar ved Nordhordland fylkesskule i eitt år. Frå 1919 var han lærar og kyrkjesongar i Brekke.

Engasjementet for målsaka kom til syne alt som tillitsvald (”bokutlånar”) i elevmållaget ved Stord lærarskule. I tida som lærar i Jostedalen var han med på det fyrste vedtaket om å tillata lærebøker på nynorsk i skulen (1901). Han var truleg forfattaren bak eit avisinnlegg om saka same året.Siteringsfeil: Avsluttende </ref>-tagg mangler for <ref> Han var òg styremedlem i fylkeslaget til Venstre.

Han var gift med Elida f. Toft (1891-1971). Dei ligg båe gravlagde på Askøy.[1]

Notar

Kjelder og llitteratur