Nigard (Jostedalen): Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Ny side: {{Infoboks gard (nynorsk) | bgfarge = | navn = Nigard | bilde = | bildestr = | bildetekst = | altnavn = | førstnevnt = | ryddet = | st…)
 
Ingen redigeringsforklaring
Linje 20: Linje 20:
}}
}}


'''[[Nigard (Jostedalen)|Nigard]]''' (Luster, gnr. 202/3) er eit gardsbruk i [[Jostedal|Jostedalen]], [[Luster kommune]].  
'''[[Nigard (Jostedalen)|Nigard]]''' (Luster, gnr. 202/3) er eit gardsbruk i [[Jostedal|Jostedalen]], [[Luster kommune]]. Bruket har gjeve namnet til den kjende [[Nigardsbreen]].


Det var eitt av dei tre opphavleg bruka i [[Mjølver (Jostedalen)|Mjølver]] og vart truleg rydda kring 1600. Skatteskylda var fyrst den same som dei to andre bruka (Bjørkehaugen og Mjølver). Seinare på 1600-talet vart skylda nedsett, men ikkje like mykje som for Bjørkehaugen.  
Det var eitt av dei tre opphavleg bruka i [[Mjølver (Jostedalen)|Mjølver]] og vart truleg rydda kring 1600. Skatteskylda var fyrst den same som dei to andre bruka (Bjørkehaugen og Mjølver). Seinare på 1600-talet vart skylda nedsett, men ikkje like mykje som for Bjørkehaugen.  

Sideversjonen fra 14. nov. 2010 kl. 16:51

Mal:Infoboks gard (nynorsk)

Nigard (Luster, gnr. 202/3) er eit gardsbruk i Jostedalen, Luster kommune. Bruket har gjeve namnet til den kjende Nigardsbreen.

Det var eitt av dei tre opphavleg bruka i Mjølver og vart truleg rydda kring 1600. Skatteskylda var fyrst den same som dei to andre bruka (Bjørkehaugen og Mjølver). Seinare på 1600-talet vart skylda nedsett, men ikkje like mykje som for Bjørkehaugen.

Nigard var bruket som vart hardast råka av den sterke framrykkinga til Nigardsbreen frå slutten av 1600-talet til midten av 1700-talet. I 1742 var all jorda som låg til garden øydelagd, og ved ei avtaksforretning i august 1742 vart landskylda til bruket teke heilt vekk. Året etter øydela breen òg gardstunet, og bruket vart mellombels fråflytt.

Breen nådde maksimum i 1748 og byrja deretter å trekkje seg attende, og alt i 1760-åra vart Nigard teken i bruk att, men då som ein husmannsplass under Mjølver like fram til 1847. Nigard vart formelt utskilt frå Mjølver 3. juni 1834 som ein av det som då var att av hovudbruket. Etter at den siste husmannen flytte i 1847, vart bruket delt i to jamstore delar, som då fekk bnr. 3 og 4.

Litteratur

  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 611ff. (Digital utgåve, NBdigital)

Mal:Infoboks gardsbruk