Nigard (Jostedalen): Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Meir om øydelegginga til breen)
mIngen redigeringsforklaring
Linje 22: Linje 22:
'''[[Nigard (Jostedalen)|Nigard]]''' (Luster, gnr. 202/3) er eit gardsbruk under matrikkelgarden [[Mjølver (Jostedalen)|Mjølver]] i [[Jostedal|Jostedalen]], [[Luster kommune]]. Bruket har gjeve namnet til den kjende [[Nigardsbreen]].

Det var eitt av dei to opphavleg bruka i [[Mjølver (Jostedalen)|Mjølver]] og er truleg eit av dei to som er nemnd som ''Mieluer'' i skattelista frå 1596.<ref>[http://www.historielaget.jostedal.no/?page_id=117 Skattelista 1596]</ref> Skatteskylda var fyrst den same som dei to andre eldste bruka ([[Bjørkehaugen (Jostedalen)|Bjørkehaugen]] og [[Mjølver (Jostedalen)|Mjølver]]). Seinare på 1600-talet vart skylda nedsett, men ikkje like mykje som for Bjørkehaugen.  
Det var eitt av dei to opphavleg bruka i [[Mjølver (Jostedalen)|Mjølver]] og er truleg eit av dei to som er nemnd som ''Mieluer'' i skattelista frå 1596.<ref>[http://www.historielaget.jostedal.no/?page_id=117 Skattelista 1596] (Jostedal historielag)</ref> Skatteskylda var fyrst den same som dei to andre eldste bruka ([[Bjørkehaugen (Jostedalen)|Bjørkehaugen]] og [[Mjølver (Jostedalen)|Mjølver]]). Seinare på 1600-talet vart skylda nedsett, men ikkje like mykje som for Bjørkehaugen.  

Nigard var bruket som vart hardast råka av den sterke framrykkinga til [[Nigardsbreen]] frå slutten av 1600-talet til midten av 1700-talet. På hausttinget 1735 vart det teke opp eit tingsvitne der allmugen vitna at breen "nu paa et steen Kast, nær gaardens huuse har nærmet sig." Størstedelen av beite- og slåttemarka til garden var bortteken, og leiglendingen [[Guttorm Johanson Nigard]] måtte tigge både såkorn og eiga føde. Gardeigaren [[Birgitte Munthe]] hadde ikkje fått betaling for jordleiga på årevis.<ref>[http://www.historielaget.jostedal.no/?page_id=1149 Tingsvitne 1735] (Jostedal historielag)</ref>  

Under ei avtaksforretning 22.-23. august 1742 vert det opplyst at bruket var "forladt for 4de aar siden" (altså 1738), og at breen berre låg 20 alen (12,5 meter) frå dei tomme husa. Landskylda på bruket vart no teken heilt vekk.<ref>[http://www.historielaget.jostedal.no/?page_id=1146 Avtaksforretningar 1742], Jostedal historielag</ref> Året etter øydela breen òg gardstunet.
Under ei avtaksforretning 22.-23. august 1742 vert det opplyst at bruket var "forladt for 4de aar siden" (altså 1738), og at breen berre låg 20 alen (12,5 meter) frå dei tomme husa. Landskylda på bruket vart no teken heilt vekk.<ref>[http://www.historielaget.jostedal.no/?page_id=1146 Avtaksforretningar 1742] (Jostedal historielag)</ref> Året etter øydela breen òg gardstunet.

Etter ein munnleg tradisjon skal ikkje dei som budde i Nigard ha forlate garden før "Bræen havde skudt Huset paa skraa". Dei samtidige kjeldene tyder på at garden då hadde vore fråflytt ei stund, så dette er helst ei segn. Opplysninga kjem frå Gottfred Bohr (1820) som refererer til "flere", mellom anna "En 92 Aars gammel Kone, som først døde 1810, i Følge Justedals Ministerialbog" og som "ofte have været i den gamle Nigard".<ref>Bohr 1820, s. 6</ref> Det må vere snakk om legdslemen Kari Bjørkehaugen som døydde 15. april 1810.<ref>[http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?show=8&uid=113164&urnread_imagesize=full&hode=nei&ls=1 Kyrkjebok for presten i Jostedalen 1807-1837, s. 9a]</ref>

Sideversjonen fra 20. apr. 2011 kl. 08:08

Mal:Infoboks gard (nynorsk)

Nigard (Luster, gnr. 202/3) er eit gardsbruk under matrikkelgarden Mjølver i Jostedalen, Luster kommune. Bruket har gjeve namnet til den kjende Nigardsbreen.

Det var eitt av dei to opphavleg bruka i Mjølver og er truleg eit av dei to som er nemnd som Mieluer i skattelista frå 1596.[1] Skatteskylda var fyrst den same som dei to andre eldste bruka (Bjørkehaugen og Mjølver). Seinare på 1600-talet vart skylda nedsett, men ikkje like mykje som for Bjørkehaugen.

Nigard var bruket som vart hardast råka av den sterke framrykkinga til Nigardsbreen frå slutten av 1600-talet til midten av 1700-talet. På hausttinget 1735 vart det teke opp eit tingsvitne der allmugen vitna at breen "nu paa et steen Kast, nær gaardens huuse har nærmet sig." Størstedelen av beite- og slåttemarka til garden var bortteken, og leiglendingen Guttorm Johanson Nigard måtte tigge både såkorn og eiga føde. Gardeigaren Birgitte Munthe hadde ikkje fått betaling for jordleiga på årevis.[2]

Under ei avtaksforretning 22.-23. august 1742 vert det opplyst at bruket var "forladt for 4de aar siden" (altså 1738), og at breen berre låg 20 alen (12,5 meter) frå dei tomme husa. Landskylda på bruket vart no teken heilt vekk.[3] Året etter øydela breen òg gardstunet.

Etter ein munnleg tradisjon skal ikkje dei som budde i Nigard ha forlate garden før "Bræen havde skudt Huset paa skraa". Dei samtidige kjeldene tyder på at garden då hadde vore fråflytt ei stund, så dette er helst ei segn. Opplysninga kjem frå Gottfred Bohr (1820) som refererer til "flere", mellom anna "En 92 Aars gammel Kone, som først døde 1810, i Følge Justedals Ministerialbog" og som "ofte have været i den gamle Nigard".[4] Det må vere snakk om legdslemen Kari Bjørkehaugen som døydde 15. april 1810.[5]

Breen nådde maksimum i 1748 og byrja deretter å trekkje seg attende, og alt i 1760-åra vart Nigard teken i bruk att, men då som ein husmannsplass under Mjølver like fram til 1847. Nigard vart formelt utskilt frå Mjølver 3. juni 1834 som ein tredel av det som då var att av hovudbruket. Etter at den siste husmannen flytte i 1847, vart bruket delt i to jamstore delar, som då fekk bnr. 3 og 4.

Notar

  1. Skattelista 1596 (Jostedal historielag)
  2. Tingsvitne 1735 (Jostedal historielag)
  3. Avtaksforretningar 1742 (Jostedal historielag)
  4. Bohr 1820, s. 6
  5. Kyrkjebok for presten i Jostedalen 1807-1837, s. 9a

Litteratur

  • Bohr, Gottfred. (1820). Om Iisbræerne i Justedalen og om Lodalskaabe. Særtrykk av Blandinger, eller Læsning for begge Kjön. Et Hæfteskrift. Christiania. (Digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 611ff. (Digital utgåve, NBdigital)

Mal:Infoboks gardsbruk

Mal:Koordinater