Nils Brandt Jordhøy

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 14. mai 2012 kl. 08:33 av Kallrustad (samtale | bidrag) (førebels sluttstrek)
Hopp til navigering Hopp til søk

Nils Brandt Jordhøy (fødd 1812 på Lesja, død 1891) var lærar og kyrkjesonger på Lesja. Jordhøy gjekk ut frå Asker seminar i 1837 og var den fyrste frå Lesja med lærarskule. Han arbeidde som lærar i heimbygda 1838-81, og var samstundes klokkar i Lesja kyrkje.

Jordhøy var gift med Marit Syversdotter (1818-1910) frå Oppigard Bottem. Paret, som fekk 10 born, budde fyrst i Klukkargarden, dernest 20 år i Brotningen, Klukkstad, før dei flytta attende til klukkargarden rundt 1870. Dottera Sofie Amalie (1854-81) var gift med totningen Otto Kubberud, som vart landskjent politikar og produsent av hagesprøyter.

Kjelder og litteratur