Nils Brandt Jordhøy
Nils Brandt Jordhøy (fødd 27. juli 1812 på Lesja, død 1. november 1891) var lærar og kyrkjesongar på Lesja. Jordhøy gjekk ut frå Asker seminar i 1837, som den fyrste frå Lesja med lærarskule. Han arbeidde som lærar i heimbygda 1838-81 og var samstundes klokkar i Lesja kyrkje. Nils Brandt Jordhøy var av kondisjonert familie, som soneson av sokneprest Peder Alstrup Jordhøy.
Jordhøy var gift med Marit Syversdotter (1818-1910) frå Oppigard Bottem. Paret, som fekk 10 born, budde fyrst i Klukkargarden, dernest 20 år i Brotningen, Klukkstad, før dei flytta attende til klukkargarden rundt 1870. Dottera Sofie Amalie (1854-81) var gift med totningen Otto Kubberud, som vart landskjent politikar og produsent av hagesprøyter.
På kyrkjegarden på Lesja står framleis (2005) gravsteinen til Marit og Nils Jordhøy. «Reist av elever» står det nedst på den høge støtta.
Kjelder og litteratur
- Niels Brandt Jordhøy i Historisk befolkningsregister.
- Niels Brandt Jordhøy i folketeljinga 1865 for Lesja prestegjeld frå Digitalarkivet.
- Nils Hansen Jordhøy i folketeljinga 1875 for Lesja prestegjeld frå Digitalarkivet.
- Kjelland, Arnfinn: Bygdebok for Lesja - bind 3: Gards- og slektshistorie for søre del av Lesja hovudsokn, Lesja kommune 1996, s. 83-84.