Nils Hermundson Bruheim

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 9. mar. 2015 kl. 10:36 av Cnyborg (Samtale | bidrag) (korr)
Hopp til navigering Hopp til søk

Nils Hermundson Bruheim (fødd 18. mars 1859, død 13. januar 1935) var frå garden Bruheim i Jostedalen i Sogn og Fjordane. Foreldrene var Hermund Torbjørnson Nedreli (Breum) (1809-1882) og Martha Hansdotter Gamlestubben (f. 1821).

Han gifte seg 20. juni 1884 med Anna Christiansdotter (1864-1936) frå Espe. Nils og Anna tok fyrst over heimebruket hans på Bruheim før dei våren 1897 tok over Vamberg. Nils fekk skøyte på garden 8. februar 1899 mot å yte kår til den førre brukaren. Her vart dei buande levetida ut.

Nils Bruheim var i mange år kasserar i Jostedal sparebank attåt bondeyrket.

Nils og Anna fekk ti born i lag, mellom anna:

  • Marta Nilsdotter Bruheim (1884-1974), gift med gardbrukar Ole Olson Bjørk
  • Hermund Nilsson Bruheim (1888-1962), som tok over heimebruket
  • Ingeborg Marie (Maria) Bruheim (1892-1946), ugift, lærar i Jostedalen
  • Christian Nilsson Bruheim (1898-1967), utvandra til Amerika
  • Johannes Nilsson Bruheim (1900-1966), lærar i Lom
  • Hans Nilsson Bruheim (1905-1993), utvandra til Canada
  • Melchior Schjeldrup Bruheim (f. 1905), lærar i Eidfjord, Kinsarvik, Gausdal og Kongsvinger

Kjelder og litteratur