Nord i Lund (Skjåk): Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(lenke)
(Utbygging, mellomlagring)
Linje 19: Linje 19:
| gateadr      =  
| gateadr      =  
| postnr        =  
| postnr        =  
}}<onlyinclude>'''[[Nord i Lund (Skjåk)|Nord i Lund]]''' er ein gard i [[Skjåk kommune]]. Den ligg sentralt i [[Lund (Skjåk)|Lundagrenda]], og er etter lokale forhold ein nokså stor gard. Nåverande gardsbruk er danna av to samanslegne nabobruk (Nord og Øvre) i 1888. Dei tilhøyrde kvar sin matrikkelgard. Det er bakgrunnen for at Nord har to gardsnummer.
}}<onlyinclude>'''[[Nord i Lund (Skjåk)|Nord i Lund]]''' er ein gard i [[Skjåk kommune]]. Den ligg sentralt i [[Lundagrenda (Skjåk)|Lundagrenda]], og er etter lokale forhold ein nokså stor gard. Nåverande gardsbruk er danna av to nabobruk (Nord og Øvre), som vart samanslegne i 1888. Dei tilhøyrde kvar sin matrikkelgard, høvesvis gnr. 27 «Tøfte nordre» og gnr. 28 «Lund nordre». Det er bakgrunnen for at Nord har to gardsnummer i dag.
 
Fyrste gongen vi har registrert «Nord» som bruksnamn, er i 1838 ([[Matrikkelen 1838|matrikkelen]]). Men kjeldematerialet gjev grunnlag for å fastslå at sjølve bruket har eksistert som eiga eining iallfall attende til 1660-åra, kanskje enda tidlegare. Vi omtalar denne brukseininga som «Nord» i det følgjande, utan at vi altså veit kva namn som faktisk vart brukt før det tidlege 1800-talet.
 
Frå ca. 1740 fram til dags dato kan vi sjå at garden har gått i arv i slektsledd etter slektsledd fram til i dag, frå far til son, med unntak av to brukarskifte der garden har gått over til høvesvise eit syskenbarn (1888) og ein grandnevø (2001) av førre brukar.  
 


[[Kategori:Garder]]
[[Kategori:Garder]]
[[Kategori:Skjåk kommune]]
[[Kategori:Skjåk kommune]]

Sideversjonen fra 18. sep. 2014 kl. 17:48

Nord i Lund
Skjaak Nord 2012 e.jpg
Nord. Biletet er teke med utsikt frå aust mot vest. Frå venstre: Nåverande våningshus (bygt 1937), gammalt våningshus, stabbur, fjøs, moderne driftsbygning. Foto: Hans P. Hosar 2012.
Alt. navn: Nord. Nordi Lund. Lund Nørdre Øvre.
Sokn: Skjåk
Fylke: Oppland
Kommune: Skjåk
Gnr.: 27/2 og 28/1.
Areal: 1080 dekar, derav 136 dekar fulldyrka, 794 dekar skog fordelt nokså jamt på låg, middels og høg bonitet.
Type: Familiebruk. Mjølk, kjøt, høy og korn.

Nord i Lund er ein gard i Skjåk kommune. Den ligg sentralt i Lundagrenda, og er etter lokale forhold ein nokså stor gard. Nåverande gardsbruk er danna av to nabobruk (Nord og Øvre), som vart samanslegne i 1888. Dei tilhøyrde kvar sin matrikkelgard, høvesvis gnr. 27 «Tøfte nordre» og gnr. 28 «Lund nordre». Det er bakgrunnen for at Nord har to gardsnummer i dag.

Fyrste gongen vi har registrert «Nord» som bruksnamn, er i 1838 (matrikkelen). Men kjeldematerialet gjev grunnlag for å fastslå at sjølve bruket har eksistert som eiga eining iallfall attende til 1660-åra, kanskje enda tidlegare. Vi omtalar denne brukseininga som «Nord» i det følgjande, utan at vi altså veit kva namn som faktisk vart brukt før det tidlege 1800-talet.

Frå ca. 1740 fram til dags dato kan vi sjå at garden har gått i arv i slektsledd etter slektsledd fram til i dag, frå far til son, med unntak av to brukarskifte der garden har gått over til høvesvise eit syskenbarn (1888) og ein grandnevø (2001) av førre brukar.